Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ord og uttrykksmåtar

Kva ord vi vel når vi skriv og snakkar, avslører ganske mykje om kven vi er, kor vi kjem frå og kva for verdiar og haldningar vi har. Vi skal sjå nærare på korleis vi kan avsløre noko av dette i språk og uttrykksmåter i ulike teksttyper.

En gigantisk mann troner over en liten mann. Illustrasjon.
Språk kan brukast som maktmiddel.

For å forstå dei ulike teikna og orda i ein tekst, må vi ha ein viss kunnskap om språket som er bruk. Vi må til dømes vite at ”is” ikkje er eit verb i det norske språket, men at det er eit substantiv som kan bety anten frose vatn, eller iskrem som vi kan ete til dessert. Men dette er berre ein del av det som inngår i den tekstuelle konteksten.

Ordnivået i skriftlige tekster

I skriftlege tekstar seier ikkje ordnivået oss så mykje, men nokre ting kan vi slå fast:

  1. Orda kan seie oss kva språk avsendaren representerer eller meistrar. Dette kan gi oss hint om kva for nasjonal kultur avsendaren kan tenkjast å representere. Vi må likevel ha i bakhovudet at dette er eit tynt grunnlag aleine.
  2. Orda som er brukt i til dømes norske tekstar kan som regel seie oss kor vidt avsendaren er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar, eventuelt kva forhold avsendaren har til målformene. Har han eller ho sjølv valt målforma, eller er han/ho pålagt å bruke ei av målformene i til dømes ein jobb- eller utdanningssituasjon?
  3. Om vi i tillegg inkluderer munnlege tekstar, kan vi sjå på dialekten og sosiolekten. Korleis språkbrukaren snakkar kan seie oss noko om geografisk tilhøyrsle. Av og til kan det også seie noko om kva for miljø ho eller han representerer.

Uttrykksmåtene er sjeldan heilt objektive

Både i munnlege og skriftlege tekstar kan vi studere uttrykksmåtar i teksten. Dei fleste ting kan uttrykkast på ulike måtar og med ulike ord, men orda vi bruker kan også seie noko om verdiane våre. Uansett kva vi måtte meine om ulike ting, er det objektivt sett vanskeleg å avgjere kva som er rett ord å bruke. Vi kan likevel slå fast at orda vi vel ofte vil spegle haldningane til den som bruker det.

Minusord eller plussord?

Menneske som blir oppfatta som terrorist av nokon, vil andre sjå som friheitskjempar. Frå vår eiga historie er Max Manus eit døme på dette. Liknande døme kan vere forholdet mellom å gråte og å sutre. Det første ordet speglar ei nokså nøytral haldning, medan det andre ordet har ein meir negativ klang.

Slike ordpar kallar vi pluss- og minusord, der plussord altså viser til ordbruk som blir oppfatta positivt, medan minusord viser til meir negative haldningar. Det er likevel ikkje slik at eit plussord alltid er eit plussord. Det kjem an på kven som bruker det. I politikken er til dømes sosialisme eit plussord dersom det er ein politikar frå venstresida som nyttar det. For ein politikar frå høgresida kan det vere eit minusord.

Andre gonger er det nødvendig å velje andre ord for å tydeleggjere ein nyanse eller vere meir presise. Sko kan vise til så mangt, men ein profesjonell løpar vil truleg skilje mellom kvardagssko og løpssko. På den måten kan fagspråk eller andre former for spesialisert språk seie oss noko om kva slags kunnskapar, utdanning eller interesser språkbrukaren har.

Språk er makt

Orda vi bruker kan også fungere som eit maktmiddel. Ein analyse av ordbruken kan difor seie oss noko om dei mellom anna dei sosiale tilhøva og synet på kjønn og livssyn. Å omtale nokon med titlar som herr, fru, Deres Majestet, eller noko så enkelt som å bruke både førenamn og etternamn, viser forholdet mellom den som taler og den som blir omtalt.

Varierande grader av maktbruk kan vi også sjå i yrkestitlar. ”Jordmor” og ”kontordame”, og omgrep som ”vaskekjerring” seier oss at dette i alle fall tradisjonelt har vore oppfatta som kvinneyrke med forholdsvis låg status. Å kalle ein kvinneleg lærar for lærarinne, kan seie oss at kvinna i dette tilfellet har brote ei grense og gått inn i eit yrke som i utgangspunkt er meint for menn. Desse har på si side sjeldan blitt omtalt som noko anna enn lærar. Ordbruken kan på den måten seie oss noko om både normene i samfunnet og haldningane til den som bruker ordet.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff