Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. DiskursanalyseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Diskursanalyse

Alle tekstar er ein del av ein større sosial samanheng. Kva for tenkemåtar byggjer teksten på? I ein diskursanalyse ser vi på samspelet mellom teksten, konteksten og språket i bruk.

Tursti på fjellet med veiskilt. Foto.
På skilta står det kun namn. Situasjonen gjer at du forstår kva dei betyr.

Vi har så langt sett på to viktige omgrep i faget: tekst og kontekst. Vi har også sett at for å forstå ein tekst, må vi også sjå han i lys av konteksten. Dette er ofte avgjerande for kor vidt teksten står fram som samanhengande og meiningsfull.

Vi kan også snu dette på hovudet: På same måte som konteksten kan hjelpe oss til å forstå teksten, kan teksten hjelpe oss til å forstå konteksten. Teksten kan seie oss noko om den sosiale sammenhengen han inngår i. Til dømes kan han seie noko kva fagfeltet han er knytt til, tida han er skriven i, religionen han er skriven innanfor, synet på kjønn i samfunnet og mykje meir.

Diskursanalyse

Når vi ser tekstar ein slik større kontekstuell samanheng, er vi i ferd med å foreta ein diskursanalyse. Målet med ein slik diskursanalyse er gjerne å finne fram til den tenkemåten og dei haldningane som teksten byggjer på, og som avsendaren på ein eller annan måte er påverka av.

Diskurs kan vi definere som tekst i kontekst[1] Det er altså samspelet mellom teksten og konteksten og språket i bruk vi er opptekne av når vi snakkar om diskursen. Ein diskursanalyse går ut på å analysere dei ulike laga i konteksten som omsluttar teksten.

Tidlegare såg vi at det er fleire ting som kan inngå i konteksten – språk, geografi, erfaring, kunnskap – kort sagt den kulturelle bakgrunnen til dei som deltek i kommunikasjonssituasjonen. Når vi jobbar med diskursanalyse kan vi dele dette opp i ulike lag. Desse laga kan på ulike måtar seie oss noko om den sosiale samanhengen teksten inngår i.

Modell for diskursanalyse

I diskursanalysen skal vi konsentrere oss om tre lag: tekstuell kontekst, situasjonskontekst og kulturkontekst. I tillegg til desse laga har vi sjølve teksten, og ein diskursanalyse bør starte med ein analyse av han.

Modell av diskursanalyse. Illustrasjon.
Diskursanalytisk modell.

I boka "Å forstå avisa. Innføring i praktisk presseanalyse"[2]set Yngve Benestad Hågvar opp ein modell for diskursanalyse. Den skal vi stor grad støtte oss til i denne gjennomgangen.

Tekstanalyse når vi analyserar diskurs

Tekstanalyse kjenner du truleg til frå andre samanhengar, til dømes i norskfaget. I denne samanhengen skal vi ikkje foreta ein uttømmande tekstanalyse, men i staden konsentrere oss om nokre sider ved teksten som kan vere relevant i forhold til diskursanalysen elles.

Det er viktig å hugse at diskursanalysen har som føremål å gjere greie for dei ideologiane, normene og kulturelle føringane som ligg til grunn for teksten. Dette bør tekstanalysen også fokusere på.

  1. 1«Tekst og kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk.». Vagle, W m fl. LNU, Cappelen. 1994.
  2. 2«Å forstå avisa. Innføring i praktisk presseanalyse». Hågvar, Yngve B.. Fagbokforlaget. 2007.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff