Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. KontekstomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kontekstomgrepet

Ein tekst vil alltid ha ein kontekst. Han er skapt av ein person, på eit tidspunkt og på ein geografisk stad. Dette er berre noko av det som kan vere konteksten til ein tekst. Men er det slik at vi må vite om "alt" for å kunne forstå teksten?

Tekst i kontekst

Ein definisjon av omgrepet kontekst seier at det er dei forholda i omgivelsene som er relevante for forståinga, tolkninga eller produksjonen av ei ytring. Vi bruker altså kontekst som samleomgrep for det som på ein eller annan måte omgjer teksten.

Konteksten skaper samanheng i tekst

Om vi bruker den enkle kommunikasjonsmodellen, plasserer konteksten seg omkring teksten, og utgjer det vi kan kalle kommunikasjonssituasjonen. Konteksten speler ofte ei viktig og avgjerande rolle for at teksten skal gi meining. La oss sjå på eit tekstdøme:

Her er litt is. Prøv!

Dette dømet er sett saman av to setningar, men den store samanhengen mellom dei kan vere vanskeleg å sjå, det gir lita meining. Om vi derimot tenkjer oss teksten sett i ein situasjon, kan dette endre seg.

Det er vinter og to ungar vil prøve skeisene for første gang. Dei går ned til eit vatn for å sjå om isen har lagt seg, og den eine seier:

Her er litt is. Prøv!

I ein slik samanheng ser vi at teksten får samanheng, og han betyr noko som vi kan ta stillling til.

På same måte kan teksten få ei anna meining om vi plasserer han i ein annan situasjon:

To ungar er heime aleine, og får lyst på noko ekstra godt. Dei opnar fryseboksen, og den eine av dei tek opp ein boks med iskrem og seier:

Her er litt is. Prøv!

Berre ved å endre på situasjonen, får ordet is og heile teksten ikkje berre meining, men han får også ei ny meining. I tekstvitskapen kallar vi denne situasjonen kontekst, og som vi ser av døma ovanfor, er dette ofte ein heilt avgjerande faktor når vi skal forstå meininga med ein tekst.

Kva kan konteksten bestå av?

Vagle definerer omgrepet slik: ”Kontekst er alt man trenger ut over en ordbok- og grammatikkunnskap for å forstå en ytring."[1] Å ha kjennskap til konteksten kan altså vere avgjerande for å forstå ei ytring, men kva konteksten faktisk er, kan variere mykje.

Konteksten kan vere sett saman av både språklege og ikkje-språklege element[2] Dei språklege elementa er den større tekstsamanhengen som teksten inngår i, til dømes den samanhengen ein roman utgjer for ei einskild setning, eller den samanhengen ein heil diskusjon utgjer for ein einskild ytring.

Dei ikkje-språklege elementa kan vere alt frå den fysiske staden kor teksten blir brukt, mediet han kjem til uttrykk i, situasjonen og tida han blir brukt i, til kunnskapane og den språklege bakgrunnen til deltakarane i situasjonen, familiebakgrunnen og religionen deira, den politiske ståstaden og mykje, mykje meir.

Språk, kunnskap og erfaringar er ofte avgjerande for oss om vi vil forstå ulike tekstar, og er dermed også ein del av konteksten. Dei kontekstuelle rammene kan du lese meir om i kapitlet om interkulturell kompetanse.

  1. 1«Tekst og kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk.». Vagle, W m fl. LNU, Cappelen. 1994.
  2. 2«Tekst og kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk.». Vagle, W m fl. LNU, Cappelen. 1994.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff