Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
  5. HersketeknikkarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Hersketeknikkar

Om hersketeknikkar - Store Studio

Oppgåve 1

Sjå videoklippet og svar på spørsmåla:

  • Kven kom fyrst opp med omgrepet "hersketeknikkar"?
  • Kva var bakgrunnen for at omgrepet oppstod?
  • Omgrepet oppstod på 1970-talet. Kan du tenkje deg nokre grunnar til at det oppstod nett då?
  • Kvifor har det ifølgje Sandvik vore naudsynt å utvide omgrepet?
  • Kva synst du om åtferda tidlegare statsminister i Sverige, Gõran Persson, demonstrerer her? Kva kan grunnen vere til at han opptrer slik?

Oppgåve 2

Korleis reagerar du på måten folk snakkar til deg på? Påverkar det synet på deg sjølv og synet på andre? Utfør dette forsøket i klassen og observer kva som skjer.

NB! Det er viktig at berre testleierane les instruksjonen som kjem frå side to og utover her:

Oppgåve 3

Diskuter følgjande i samla klasse etter forsøket:

  • Identifiser hersketeknikkane i dette forsøket.
  • Korleis kjente deltakarane det, som blei utsette for hersketeknikkar?
  • Korleis påverka bruken av hersketeknikkar kommunikasjonen til den einskilde?
  • Korleis kjente deltakarane det, som fekk positiv tilbakemelding?
  • Korleis påverka dette kommunikasjonen til den einskilde?
  • Kva for ein av merkelappane var det lettast å gjennomskode?
  • Kva for ein var det vanskelegast å gjennomskode? Kvifor?
  • Klarte den som fekk "BLANK" å gjennomskode lappen sin?
  • Kva kan vi lære av dette forsøket?

Oppgåve 4

Tenk over, og diskuter med ein medelev:

  • Har du opplevd at andre har brukt språket til å vise at dei har makt over deg, meir kunnskap enn deg eller få deg til å føle deg dum?
    • Hugsar du kva vedkommande sa?
    • Kva var situasjonen?
    • Korleis reagerte du i denne situasjonen?
    • Kan du forklare kvifor du reagerte slik du gjorde?

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff