Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Tekst og samfunnChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tekst og samfunn

Korleis kan vi best forstå ein tekst? Vi kan analysere innhald og form, men er det nok? Nokre gonger er det meir interessant, og kanskje også naudsynt, å sjå på forholda teksten blei produsert i for å forstå han.

Illustrasjon av skjærsilden frå Dantes «Den guddommelige komedie». Foto.

Tekstar er på ulike måter kopla til samtida si. Ein tekst, anten han er munnleg, skriftleg eller samansett, er produsert på eit tidspunkt i historia. Tekstproduksjonen kan plasserast geografisk. Nokre gonger er det nyttig å sjå på denne samanhengen, eller konteksten, men ikkje alltid.

Ei anna form for kopling finn vi i måten mange tekstar kommenterer si eiga samtid på. Gjennom til dømes å skildre, hylle eller kritisere si eiga samtid, samfunnet og kulturen teksten er oppstått innanfor, kan han gje mottakaren eit innsyn i denne samtida.

Men tekstar kan også kommentere samtida si indirekte. Gjennom forhold ved teksten som sjanger og stil, ordbruk og medium, kan lesaren danne seg eit bilete av den kulturen som er grunnlaget for teksten.

Tekst i kontekst

I dette faget nyttar vi omgrepet kontekst for dei ulike elementa som omsluttar teksten. På mange måtar er samfunnet, eller deler av det samfunnet teksten oppstår i, ein del av denne konteksten.

Det kan variere mykje frå tekst til tekst kor interessant eller relevant kopling mellom tekst og kontekst er. Nokre gonger kan det vere nettopp interessant å studere denne koplinga. Andre gonger er det heilt naudsynt.

Men vi kan også velje å lese ein tekst ”historielaust” og likevel vere nøgde med det. Det finst ulike meiningar om forholdet mellom tekst og kontekst i det heile tatt er eit tema. Der somme vel å lese teksten i lys av samtida, kan andre velje å fokusere på teksten totalt lausrive frå tida og stad.

I temaet "Tekst og samfunn" skal vi sjå nærare på ulike teoriar om forholdet mellom tekst og kontekst. Vi startar med sjå på sjølve kontekstomgrepet.

Læringsressursar

Tekst og samfunn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva slags teksttypar påverkar deg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva for sjangrar og medium vel du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff