Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Ulike talemåtarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike talemåtar

Kva er det som gjer nokon til ein stor talar? Det er ikkje berre orda som avgjer dette. Berømte talarar som Winston Churchill eller Barack Obama er ganske forskjellege i stilen. Ikkje minst gjeld det korleis dei bruker stemma og kroppsspråket sitt.

Adolf Hitler-plakat. Illustrasjon.
Adolf Hitler hadde ein forstørrande talemåte kombinert med ein lidenskapeleg talemåte.

Ettersom retorikk opphavleg er ein teori for korleis ein skal halde ein tale, er talemåten viktig. Når vi bruker stemma, kan vi velje mellom ulike verkemiddel. Vi kan variere tempoet og volumet, vi kan leggje trykk på bestemte ord og bruke pausar, lene kroppen fram eller tilbake og bruke kroppsrørsler, særleg armane. Ansiktsuttrykket vårt vil også avsløre noko om talemåten.

I retorikken er det laga eit system for måtar å bruke stemma på. Her har ein sett opp tre hovudtypar for talemåte: Den vanlege talen, den lidenskaplege talen og den forstørrande talen.[1] Innanfor dei tre talemåtane finst det fleire underkategoriar, og vi skal sjå på nokre av desse.

Den vanlege talen

Den vanlege talen har ein avslappa talemåte, men ein kan uttrykkje seg på litt ulike måtar. Ved å snakke roleg og dempa kan du verke alvorleg. Dersom du varierer stemmeleiet og tempoet meir, blir det ein meir forteljande stil. Er du lett og munter i tonefallet, blir stilen meir spøkefull.

Den lidenskaplege talemåten

Martin Luther King
Martin Luther King brukte ein lidenskapeleg talemåte, t.d. i "I Have a Dream".

Den lidenskaplege talemåten inneber ein talemåte prega av meir volum og kraft i stemma. Her kan du snakke raskt og med stigande volum, eller du kan komme med kraftige utrop samtidig som du legg inn korte pausar.

Den forstørrande talen

Den forstørrande talen blir særleg brukt når ein vil vekkje sterke kjensler hos mottakaren. Her finn vi blant anna den eggjande talen. Han har stikkord som raskt tempo, utrop, eit gjennomtrengjande blikk og raske og dramatiske rørsler med den eine armen.

Hitler brukte ein forstørrande talemåte, og professor i retorikk, Jonas Bakken, beskriv Hitler sin talemåte slik: ”Han begynte gjerne i en alvorlig talemåte, og gradvis bygde han seg opp til det vi kan klassifisere som lidenskapelig eller oppildnende tale. Det er kanskje den oppdelte formen for lidenskapelig tale vi forbinder med Hitler: de kraftige utropene, de mange og lange pausene og ikke minst det gjennomtrengende blikket og de raske håndbevegelsene.”[2]

Teknologi påverkar talemåten

Massemedia har endra på handlefridommen i framføringa av ein tale. Ein ting er at talen raskt kan spreiast til mange millionar menneske, men viktigare er korleis radio og fjernsyn har endra på stemmebruken og kroppsspråket til talaren. Radioen fangar opp alle nyansar i stemmebruken, og fjernsynet gjer det mogleg å sjå alle nyansar både i stemmebruk og kroppsspråk. Den vanlegaste taleforma vi finn i dag er derfor den vanlege talen. Den lidenskaplege talen kan rett og slett bli for mykje dersom han blir formidla gjennom dagens medier.

  1. 1«Retorikk i skolen». Bakken, J. Universitetsforlaget. 2009.
  2. 2«Retorikk i skolen». Bakken, J. Universitetsforlaget. 2009.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff