Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Kairos og aptum ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kairos og aptum

For å treffe mottakaren med orda dine, må du tenkje over kva som er situasjonen, altså konteksten til teksten. Du tilpassar det du seier, korleis du seier det og når du seier det. Ei viktig side ved retorikken handlar om å tilpasse talen til situasjonen.

Portrett av Donald Trump i profil. Foto.
President Donald Trump er omdiskutert. Han bryt med mange sine forventningar til ein statsleiar.

Kairos

I omgrepet situasjonen legg vi blant anna kven som er publikum, staden og tidspunktet for talen. Nokre situasjonar legg sterke føringar for at noko skal seiast, for kven som skal seie det og for kva som skal seiast. På fagspråket kallar vi denne situasjonen for kairos – "det rette tidspunktet”. Ved å nytte seg av moglegheitene som ligg i den aktuelle situasjonen, kan du forsterke virkninga av den retoriske teksten.

På same måte vil ei feilvurdering av kairos gjere at du ikkje når fram med bodskapen slik du ønsker. Viss du til dømes trur at ungdommen som er publikum ikkje kan noko om emnet du snakkar om, vil dei møte det du seier med skepsis.

Tenk over: Kva for føringar ligg i desse to situasjonane? Kven snakkar, og korleis påverkar situasjonen kva dei seier og korleis?

  1. Ein historietime
  2. Ei gravferd

Aptum

Aptum betyr eignaheit eller hensiktsmessigheit. I retorisk samanheng dreier det seg om at ein tale må vere eigna eller hensiktsmessig utforma og framført. Dette er eit krav til talaren. Viss talaren ikkje tilpassar teksten sin til situasjonen, seier vi at ho bryt krava til aptum.

Du må utforme tekstane du lagar slik at både innhald og språk eignar seg i teksten sin kairos. Også stemmebruk, kroppsspråk og framtoning må vere tilpassa både innhaldet, talaren og publikum[1] .

Viss du bryt forventningane til aptum, skapar det gjerne reaksjonar fordi du bryt nokre normer hos mottakaren. Slike brot påverkar avsendaren sin etos. Vi opplever avsendarar som ikkje tilpassar seg situasjonen som mindre truverdige. Eit døme er viss du opptrer for uformelt i ein formell samanheng, som å kle deg i holete bukser, vere usakleg eller bruke slang.

Vi opplever aptum ulikt

Det ligg i forklaringa av omgrepa kairos og aptum at både avsendar og mottakar vil ha ulike oppfatningar kva som er passande eller upassande. Det kan vere små detaljar vi er ueinige om, eller vi kan sjå heile teksten som upassande i situasjonen. Normene vi bruker når vi vurderer aptum i teksten, er i stor grad kulturbestemte. Samtidig finst det nokre allmenne oppfatningar om kva som er høfleg og uhøfleg.

Eit døme som viser at det finst ulike oppfatningar, er reaksjonane på den amerikanske presidenten Donald Trump sine talar. Du vil finne mottakarar i både Noreg og USA som synest det er frigjerande med hans direkte tale og uformelle språklege stil. Dei føler at han snakkar "deira språk" og dei er einige i det han seier. Slik blir det å bryte med vedtekne normer for statsleiarar positivt for Trump når det gjeld ei bestemt mottakargruppe.

Sjølv om du finn Trump-tilhengjarar i Noreg, er det ganske mange her i landet som reagerer på framferda hans, spesielt i offisielle taler. Kvifor er det slik? Ei forklaring er at det finst nokre allmenne oppfatningar for korleis ein statsleiar skal oppføre seg. Vi forventar at han eller ho skal vere høfleg og ha ein formell stil. Det gjeld alt frå klede til val av tema, kroppsspråk og ordbruk.

Ikkje berre éin mottakar

Dette dømet viser at det ikkje alltid er så lett å vurdere kairos. Du vil i dagens digitaliserte samfunn ofte ha fleire mottakargrupper. Då er det også vanskeleg å tilpasse seg kravet til aptum, og det er umogleg å tilpasse seg alle. Derfor må du velje ut kva for mottakarar du først og fremst vender deg til og ha desse i tankane når du utformar teksten din.

  1. 1«Aptum». Jan Grue. Store norske leksikon. 9999.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff