Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Analyser talarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Analyser talar

Oppgåve 1

Studer denne talen som George Bush heldt etter terroråtaka på World Trade Center 11. september 2001.

  • Kva for kjensler er det Bush prøver å vekkje, og korleis gjer han det?
  • Kva trur du han prøver å oppnå med talen?

Oppgåve 2

Studer Sylvi Listhaug sin tale til FRP sitt landsmøte i 2018.

  • Kva for appellformer bruker Listhaug i talen sin? Finn konkrete døme.
  • Kva slags appellform dominerer, og kvifor trur du ho bruker den forma mest?
  • Beskriv kairos til denne talen (Gjer også eit nettsøk for å undersøke kva for saker Listhaug var i media med på denne tida)
  • Korleis bruker Listhaug kroppsspråket og stemma si i talen?

Oppgåve 3

Vi har ulike forventningar til ein politisk tale og til ein bryllaupstale.

  • Kva for forventningar har du til dei to ulike talesjangrane?
  • Kva slags appellformer trur du vil dominere i dei to?
  • Sammenlikn éin av dei to politiske talane over med ein bryllaupstale (til dømes ligg dei kongelege bryllaupstalane på nett). Bruk gjerne eit Venn-diagram til å samanlikne likskapar og forskjellar.
  • Korleis svarte dei to talane til forventningane dine?
  • Var det nokre likskapar og forskjellar du blei overraska over? Gi grunn for svaret ditt.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?