Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Dei tre appellformeneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dei tre appellformene

Kva for verkemiddel brukar du når du skal overtyde nokon? Du har antagleg nokre knep du nyttar deg av. I retorikken kan du lære meir om korleis språkbruken din kan påverke standpunktet til den du snakkar eller skriv til.

Mari Røsjø fra Rød Ungdom holder en politisk appell. Foto.
Mari Røsjø frå Rød Ungdom held ein politisk appell

Kunsten å overtale har vore viktig til alle tider. Romaren Quintilian skreiv eit læreverk om dette allereie i år 95 etter vår tidsrekning. For Quintilian var retorikken si viktigaste oppgåve å føre talaren fram til overtydande språkbruk. Han meinte det var viktig å bruke språket til å få mottakarane til å bli einige med oss/avsendaren. Han framheva at det var særleg tre verkemiddel som verka overtydande:

  1. Etos – det å spele på avsendaren sin integritet og truverde
  2. Patos – det å spele på mottakaren sine kjensler
  3. Logos – det å spele på mottakaren si fornuft og intellekt i forhold til saka

Dette kallar vi dei tre appellformene i retorikken, og dei er knytte til dei hovudelementa i den retoriske situasjonen – ein talar/avsendar, ei sak og ein mottakar. Det ligg i namnet at dette dreier seg om å appellere, vende seg til eller påverke, og i dette tilfellet er det altså mottakaren som skal påverkast.

Det er viktig å kjenne til desse verkemidla, både når du skal skrive sjølv og når du skal analysere ein argumentarende tekst. Når vi skal analysere en slik tekst, prøver vi å finne ut korleis han verkar og korleis han argumenterer. Då ser vi gjerne etter desse tre appellformene. Ein tekst kan godt innehalde alle desse appellformene, men han har gjerne hovudfokus på ei av dei.

Etos

Når ein tekst spelar på kvalitetar som truverde, integritet, fagleg kompetanse og moral hos avsendar, seier vi at etos står sterkt i teksten. Avsendaren vil forsøke å framstå truverdig for at vi skal vere meir positive til det han eller ho seier i teksten.

I politiske og faglege spørsmål er etos ofte særleg viktig. Når vi stemmer på eit politisk parti ved stortingsvala, stemmer vi ofte også på ein statsministerkandidat. For denne er det viktig å stå fram med god etos og også prøve å formidle god etos i debattar under valkampen. Ein statsministerkandidat som ikkje framstår som truverdig og som eit godt menneske, vil truleg sanke få røyster ved valet. Derfor er det ofte avgjerande at han eller ho på alle måtar greier å vise veljarmassen at vedkomande er eit godt menneske. Vi kan trekkje fram fire eigenskapar som særleg er med på å styrkje truverdet til den som talar:

Forstandigheit

Framstår talaren som klok, kunnskapsrik og erfaren? I mange spørsmål vil det vere avgjerande at den som uttaler seg faktisk har greie på det vedkomande snakkar om. Utdanning og erfaring innanfor det aktuelle saksområdet vil som regel alltid vere ein fordel.

Dyd

Framstår talaren som et menneske med gode verdier og høg moral? Særleg i etiske og moralske spørsmål er det viktig at den som uttalar seg sjølv framstår som et godt menneske. Som mottakarar forventar vi at det er samsvar mellom liv og lære.

Velvilje

Viser talaren respekt og velvilje overfor tilhøyrarane? Talarar som ikkje viser interesse for tilhøyraren, mister som regel fort publikumet sitt. Evna til å ikkje berre snakke, men også lytte og å ta til seg kritikk og tilbakemeldingar vert oppfatta som ein positiv eigenskap, og gjer at talaren framstår som sympatisk.

Autentisitet

Framstår talaren som ekte og truverdig, og som den same personen heile tida? Dersom vi skal ta imot råd eller la oss overtale av nokon, vil vi gjerne vite kva for menneske vi har med å gjere. Det skjer best dersom talaren er seg sjølv og ikkje minst er ekte heile tida. Rollespel vert som regel raskt avdekt, og personar som speler ulike roller i ulike situasjonar framstår som eit lite eigna ankerfeste for meiningane våre.

Patos

Har du nokon gong sett ein kampanje for organisasjonar som Redd Barna eller Plan? Då har du kanskje også hatt dårleg samvit for at du sjølv ligg på sofaen og kosar deg med god mat og drikke. Men redninga er ofte nær: Vi kan ringje eit telefonnummer og automatisk gje 200 kroner til trengande born i Afrika.

Å spele på samvit og liknande kjensler er eit sterkt verkemiddel, og er særleg mykje brukt i kampanjar og reklamar. Årsaka er at denne typen argumentasjon ofte får oss til å handle eller gjere noko aktivt, som til dømes å gje pengar, kjøpe varer eller stemme på eit parti. Vi blir altså gjort merksame på at noko er feil eller at vi manglar noko, og får samtidig vite korleis vi kan rette opp i dette.

Det er fleire måtar ein kan vekkje kjensler på. Ein kan mellom anna aktivisere sansane til mottakaren ved hjelp av lyd og sterke bilete, eller ein kan gi detaljerte skildringar av ein aktuell situasjon i saka. Det viktigaste verkemidlet er likevel å ha eller å gi inntrykk av å ha dei same kjenslene som ein sjølv prøver å vekkje hos mottakaren. Viss ein greier det, ligg tilhøva til rette for å mane til handling hos dei som høyrer på.

Logos

All retorikk handlar i meir eller mindre grad om å påverke mottakaren i forhold til eit saksforhold. Men standpunkta dine kan bli påverka av andre ting enn sjølve saka, som oppfatninga di av avsendaren eller dine kjensler. Kva rolle speler sakleg argumentasjon i overtalingskunsten?

For Aristoteles var den viktigaste forma for appell den som konsentrerte seg om sjølve saka. I retorikken kallar vi denne forma for logos. Logos er kjenneteikna av å spele på fornuft og det som er mest sannsynleg. Ved å argumentere for ei sak gjennom å peike på kva som er fornuftig og sannsynleg, rettar vi fokuset mot nettopp saka og bort frå utanomligjande faktorar som i mange tilfelle er uvesentlege.

Men med det nærmar vi oss også grensa for kva emne og spørsmål retorikken tek opp. I motsetnad til logikken som konsentrerer seg om spørsmål som vi anten kan stadfeste eller avkrefte, tek retorikken opp spørsmål som i utgangspunktet har eit usikkert grunnlag – vi kan ikkje heilt definitivt svare ja eller nei, men vi kan argumentere for at noko er meir sannsynleg enn noko anna.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff