Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. ActioChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Actio

På same måte som at du kan velje stilnivå i språket, kan du velje korleis du framstår. Det viktigaste er at kleda og kroppsspråket ikkje forstyrrer det du skal seie. Du ønsker at mottakaren skal leggje merke til innhaldet.

Mann i alt for stor dress. Foto.
Det er viktig at du føler deg bra i kleda du skal ha på deg når du framfører.

På same måte er også actiofasen i hovudsak retta mot munnlege tekstar, som til dømes foredrag du held i skulesamanheng. Denne fasen handlar altså like mykje om den som skal tale som om sjølve talen.

Kroppsspråk

Korleis du skal stå, kvar du skal halde hendene dine, kvar du skal rette blikket og korleis du skal kle deg er noe du må tenke over vedslike presentasjonar. Vala du tar vil ha store konsekvensar for resultatet av det du seier.

Nokre gode råd til kroppsspråk som ikkje forstyrrer kommunikasjonen:

  • Ha hendene frie og bruk dei til å understreke det du seier.
  • Ikkje len deg mot tavla eller ein annan vegg.
  • Beveg deg litt, men ikkje trav fram og tilbake for mykje. Legg bort pennar og anna som er lett å fikle med.
  • La blikket vandre over publikum. Ikkje la det kvile på éin person for lenge.
  • Smil! Det påverker også stemmen, og du høyrest meir engasjert ut.

Klede

Står du med hendene i bukselomma og ser i golvet medan du snakkar, vil du verke uengasjert. Stiller du opp på jobbintervju med holete bukse og lua nedover augo, vil du truleg ikkje framstå som ”rett mann til jobben”. Både i media og i politikk i vestlege kulturar blir dress oppfatta som seriøse klede, og det er sjeldan vi ser menneske som skil seg frå denne norma. Men, det er ingen som forventar at du stiller i finklede på ei ordinær framføring på skulen. Der vil det å kle seg som andre ungdomar vere passande.

Om du er i tvil om kva som er rett antrekk til ein ny situasjon, kan det vere lurt å spørre nokon som kjenner situasjonen godt. Ofte handlar det om å ikkje skilje seg for mykje frå klesstilen til mottakerene. Samtidig er det viktig at du kan ha på deg noko du føler deg bra i. Det hjelper på tryggleiken din i situasjonen.

Brudd kan også fungere

Det vil alltid vere situasjonen og normene til tilhøyrarane som bestemmer om ein type kroppsspråk eller klede forstyrrar. Nokre gongar kan det å bryte normer og forventningar vere overraskende og skape ei positiv merksemd. Du skal likevel vere ganske trygg på deg sjølv og situasjonen før du hiver deg i eit slengtau eller stiller med blått hår på eit foredrag.

Petter Stordalen er ein oppglødd talar.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff