Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Memoria

Mange har opplevd å stå foran eit publikum og ikkje hugse kva ein skulle seie. Kanskje det var fordi ein var nervøs eller ikkje hadde førebudd seg godt nok. Det kan vere ganske ubehageleg. Heldigvis finst det nokre gode råd.

Latop med post-it lapper. Foto.
Den digitale utviklinga har gjort at det ikkje lenger er like viktig å hugse alt.

Memoriafasen er som sagt ikkje like aktuell i dag som han var på Aristoteles si tid, og denne fasen er heller ikkje like aktuell i skriftlege og samansette tekstar som han er i samband med munnlege tekstar. Men i og med at dette handlar om å hugse talen til framføringa, er det gjerne noko du har bruk for når du skal halde ein munnleg presentasjon eller eit foredrag.

Korleis bruke manus

Det er vanleg å støtte seg til eit manus i slike situasjonar. Det kan hjelpe oss til å gjere presentasjonen tydeleg og strukturert. Likevel bør vi ikkje vere fullstendig låst til manuset vårt. Då mistar vi raskt kontakt med publikum, som på si side fort mistar interessa for det vi snakkar om.

Poenget med eit manus er å lage eit tydeleg manuskript med dei viktigaste stikkorda og hovudstrukturen i presentasjonen. For at du skal kunne bruke manuset godt og snakke fritt og engasjert, er det viktig at du hugsar stikkorda og strukturen. Dette gjer at memoriafasen fortsatt er aktuell. Her får du nokre konkrete råd:

  • Bruk få stikkord, helst ikkje fleire enn fem.
  • Bruk stikkorda frå da du planla teksten din. Bruk tre emneord frå hovuddelen, i tillegg til eitt stikkord frå innleiinga og eitt frå avslutninga.
  • Skriv stikkorda på fem lappar. Da er det lettare å halde fokus på kvart moment du skal snakke om.
  • Øv! Du må snakke deg gjennom talen eller framføringa fleire gongar. Du øver heilt til du klarer å snakke fritt med berre stikkordslappane til hjelp.
Stordalen øver før føredraget.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff