Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Inventio - idemyldring ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Inventio - idemyldring

Veit du kor du skal starte når du har fått i oppgåve å skrive ein tekst eller halde ein tale? Du må først finne ut kva teksten skal handle om og kva som er relevant å ta med. Så må du planlegge i kva rekkefølgje du vil presentere momenta dine.

Mann som tenkjer. Foto.

Fase 1 - inventio

Sjølv om du som regel må skrive ein tekst som skal svare på ei gitt oppgåveformulering, må du likevel starte med å finne ut kva du faktisk skal skrive om og kor du skal hente informasjon til oppgåva. Det same gjeld når du skal halde ein tale eller ein presentasjon.

Du kan bruke fleire kjelder som kan hjelpe deg i denne første arbeidsfasen. Start gjerne med læremidla i det aktuelle faget. Deretter kan du bruke både biblioteket og internettleksikon for å få meir informasjon. Skal teksten vere kreativ, kan du finne inspirasjon fleire stader. Du finn tips til kreativ idéutvikling i norskfaget.

All informasjon og og alle idear du får, set du opp i eit tankekart eller ei idèliste med moment som kan passe til oppgåva. Då har du vore innom inventiofasen.

Oppgåve som kan hjelpe deg i den kreative prosessen: Idéutvikling i kreativ tekst

Fase 2 - dispositio

Stor sett alle tekstar bør ha ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Det gjeld både skriftlege, munnlege og samansette tekstar. Du må bestemme kor du skal plassere momenta du fann fram i idèmyldringsfasen. Å planlegge dette er første ledd i dispositiofasen.

Du kan tenke ganske likt når du planlegg dei aller fleste tekstar:

  • I innleiinga skal du presentere temaet for teksten.
  • I hovuddelen er det ein god regel å prøve å halde seg til tre hovedargument eller moment.
  • I avslutninga skal du oppsummere hovudpoeng og konkludere.

Sjå korleis ein tekst kan planleggjast

Petter Stordalen er ein hotelleigar og eigedomsutviklar som ofte er i media. Sjølv om han er trent i å halde talar, pressekonferansar og bli intervjua, stiller han alltid førebudd.

Petter Stordalen planlegg pressekonferanse

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff