Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dei fem arbeidsfasane i retorikken

Kva gjer du om du blir bedt om å halde ein tale? Nokre tar talen "på sparket", mens andre skriv ned alt dei skal seie. Det er forskjell på kor gode vi er til å planlegge og førebu oss på slike situasjonar. Får å få til ein vellykka tale, kan det vere lurt å følgje nokre steg.

Jens Stoltenberg holder tale. Foto.
Jens Stoltenberg er rekna som ein god talar. Talane er godt planlagde.

Arbeidet med å utarbeide ein retorisk tekst kan vi litt forenkla dele inn i fem faser: inventio, dispositi, elocutio, memoria, actio. Du kan til dømes bruke fasane når du skal skrive eit debattinnlegg eller halde ein tale.

Dei fem fasane i utarbeidinga av ein retorisk tekst dreier seg om alt forarbeidet som kjem før teksten får sin mottakar. Hugs likevel at vi bør ha mottakaren i bakhovudet heile tida. Det er han teksten skal tilpassast til, det er han vi skal overtyde.

Inventio

Inventio er fase 1. Denne fasen handlar om å finne ut kva ein skal seie, altså kva talen skal handle om og kva han skal innehalde. I denne fasen kan du bruke tankekart, idémyldring og leite etter kjelder som kan hjelpe deg med å finne innhald til talen.

Dispositio

Dispositio er fase 2. Som namnet tilseier, konsentrerer denne fasen seg om disposisjonen for talen. Her må ein avgjere kva for rekkefølgje og struktur stoffet skal ordnast etter. Det er her du skal setje ideane i system og sortere kva som skal vere med. Du skal lage innleiing, hovuddel og avslutning.

Elocutio

Elocutio er fase 3. I denne fasen arbeider ein med utforminga av språket, og ein må avgjere kva ord ein skal bruke og kva slags stil som skal prege talen. Korleis du ordlegg deg vil variere. Du bruker objektivt og sakleg språk i artikkelen, høgtideleg språk i konfirmasjonstalen og humor og ironi i kåseriet.

Memoria

Memoria er fase 4. Namnet på denne fjerde fasen seier oss at dette dreier seg om å hugse talen for å kunne framføre han utan å vere låst til ein skriven tekst. Du kan bruke fleire teknikkar for å hugse det du skal seie. Du kan øve inn rekkjefølgja i ein munnleg presentasjon eller lage eit kortfatta manuskript med viktige stikkord.

Actio

Denne fasen ser på sjølve framføringsfasen, handlar om korleis talen skal framførast og korleis talaren skal eller bør opptre. Du kan til dømes tenke over kva du skal ha på deg, korleis du bruker kroppsspråket og at du har blikkontakt.

Arbeidsfasane kan brukast på fleire teksttypar

At retorikken i utgangspunktet var tenkt i forhold til munnlege tekstar (til dømes talar), vert tydeleg i forhold til særleg den fjerde og femte fasen - memoria og actio. Likevel kan det meste av retorikken også brukast på både skriftlege og samansette tekstar.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff