Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Indirekte språkhandlingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Indirekte språkhandlingar

Kommunikasjon handlar om samarbeid. Eit fotballag der fotballspelarane gjer det som passar den enkelte, gir dårleg samarbeid og sannsynlegvis også dårlege resultat. Slik er det også når vi kommuniserer: Vi må samarbeide for å forstå kvarandre.

Fotballtrening. Foto.

Samarbeidsprinsippet er ein kommunikasjonsteori om nettopp samarbeid, laga av filosofen H. Paul Grice. Han meinte at samtalepartnarane alltid har eit felles mål om å halde oppe kommunikasjonen.[1]

Same kva for type samtale, formell eller uformell, krangel eller diskusjon, må deltakarane samarbeide. Avsendaren må tilpasse seg mottakaren og verken seie for lite eller for mykje, men uttrykkje seg slik at mottakaren forstår. Grice foreslo fire grunnreglar for korleis vi kan kommunisere så effektivt som mogleg:

  1. Ver oppriktig. Ikkje sei noko du trur er feil, eller som du manglar grunnlag for å seie.
  2. Ver informativ. Ver så informativ som situasjonen krev. Ikkje gi meir informasjon enn det som krevst, men heller ikkje for lite.
  3. Ver relevant. Mottakaren må oppleve at det som blir ytra, er relevant i den aktuelle situasjonen.
  4. Ver klar. Unngå ei uklar og tvetydig framstilling. Ver kort og ryddig.

Det er ikkje eit krav at vi skal følgje desse reglane, men som oftast gjer vi det fordi kommunikasjonen då blir mest effektiv.

Nokre gonger bryt vi likevel med dei fire grunnreglane og uttrykkjer oss på ein meir indirekte måte. Det kan vere ulike årsaker til det, og vi gjer det sjeldan utan grunn. Då ligg det informasjon på eit underliggjande plan som mottakaren må tolke seg til, såkalla indirekte språkhandlingar.

Når vi bryt reglane - indirekte språkhandlingar

Er du oppriktig?

Er du alltid høfleg og oppriktig? Venninna di har kjøpt seg ny bukse, og ho spør om buksa er fin. Du synest ikkje det, men svarar ja likevel. Då har du brote grunnregelen om å vere oppriktig fordi du vil vere høfleg. Alternativt kan du prøve å svare med eit kompromiss: ”Jo, buksa var ganske fin, men eg ville valt ein annan farge.”

Ironi er ei indirekte språkhandling der avsendaren ikkje er oppriktig. Han/ho seier det stikk motsette av det han/ho meiner, og mottakaren må forstå den underliggjande meininga.

Team Antonsen (NRK, 2004): Atle Antonsen og Kristopher Schau utforskar ulike tv-sjangrar og samtaleteknikkar.

Er du informativ og relevant?

Nokre gonger hender det også at vi let vere å seie ting fordi vi trur at mottakaren forstår, og politikarar blir ofte skulda for å svare irrelevant og lite informativt. Det er også mogleg å gi eit heilt irrelevant svar, det vi kallar ”god dag mann økseskaft” etter eventyret ”God dag, mann!” - ”Økseskaft” som du kan lese og høyre her:

Eventyret "Goddag mann - økseskaft"

Jens Bolling les "Goddag mann - økseskaft"

Dersom mottakaren vel å ikkje svare, gjer han/ho eit totalt brot. I ein samtale der den du snakkar med vel ei slik løysing, vil kommunikasjonen stoppe opp.

Er du klar og tydeleg?

Av ulike årsaker kan vi pakke inn bodskapen i mange eller vanskelege ord. Det gjer vi både bevisst og ubevisst. Vi kan også med vilje vere tvetydige. Vi seier noko slik at det kan bli tolka på fleire måtar. Resultatet av slike indirekte språkhandlingar er at mottakaren ikkje forstår kva du meiner, og han eller ho kan bli usikker på deg. Då bryt du kontrakten om samarbeid.

  1. 1«Tekst og kontekst. En innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Vagle, W Svennevig, J Sandvik, M. Cappelen Akademisk Forlag/LNU. 1993.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff