Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Retorikk

Kva du seier er viktig, men det er minst like viktig korleis du seier noko. Det er gamal kunnskap. Når du skal førebu ein tale eller skrive ein retorisk analyse, bruker du omgrepa grekaren Aristoteles presenterte for over 2000 år sidan.

Siv Jensen på talarstolen. Foto.
Siv Jensen vinn røyster med eit folkeleg språk.

Retorikken er i dag kanskje viktigare og har ein høgare status enn på lenge. Særleg tydeleg ser vi dette innanfor politikken. Både under valkampar i USA og under dei siste valkampane her heime, har kommentatorane ofte vore like opptekne av korleis talarane kommuniserer som av kva dei faktisk seier.

Når vi skal analysere tekstar i dette faget, er vi gjerne på jakt etter kvalitetar som kommunikasjon og instansar som avsendar og mottakar. I analysen vår vil vi ofte sjå etter kva ”grep” avsendaren nyttar for å nå fram til mottakaren med sin bodskap, og kanskje vil vi også vurdere tekstar etter bruken av slike verkemiddel.

Læra om retorikk oppstod i antikken

Retorikken er også sterkt knytt opp til kva vi vil med teksten og korleis vi går fram for å oppnå dette. Slike spørsmål har mennesket vore oppteke av lenge, og allereie i antikken blei det utvikla metodar og teoriar om talekunst.

Retorikken blei utvikla på 400-talet f. Kr. i den greske kolonien på Sicilia. På denne tida vart tyrannen Syrakus styrta, og folket ynskte å styre kolonien sjølv gjennom offentlege forhandlingar. Dette var eit viktig prinsipp i demokratiet, og særleg i tvistar om eigedomsrett vart det no viktig å kunne føre si eiga sak. Dette pressa fram behovet for metodar i talekunst, og retorikken vart etter kvart ei utbreidd lære. Gjennom visse ”reglar” og ”grep”, skulle det vere mogeleg for alle til å leggje fram sitt syn på best mogleg måte.

Det er lite av denne tidlege retorikken vi kjenner i dag. Derimot har vi mykje av retorikken vår frå tre andre personar - nemleg Aristoteles, Cicero og Quintilian. Når vi snakkar om retorikk i dag, er det i hovudsak ein teori slik vi kjenner den frå desse tre, og det er ein teori som i nokså liten grad har endra seg frå den tida.

Sokrates og Alkibiades. Illustrasjon.
Sokrates og Alkibiades.

Bruksområdene til retorikken

Aristoteles tenkte seg i utgangspunktet at retorikken skilde seg frå poetikken ved at retorikken konsentrerte seg om moglegheitene for overtydande tale, og slik sett mynta på det vi i dag kallar saktekstar, medan poetikken handla om estetikk i litteraturen.

I dag bruker vi likevel ofte retorikk i samband med litterære tekstar, sjølv om ein då gjerne ikkje er så oppteken av det kommunikative aspektet i retorikken, men i staden ser på den kunstferdige utforminga av språket.

Retorikken viser oss at vi langt på veg kan forme, styre og påverke omverda gjennom språket. I eit samfunn og i ei tid der meiningar og informasjon ikkje har geografiske grenser, er dette viktigare enn nokon gong.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff