Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. SpråkhandlingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkhandlingar

I løpet av ein dag skriv du sannsynlegvis mange tekstmeldingar. Der kan det tenkjast at du informerer om noko: "Eg rekk ikkje 14-bussen", eller at du gir uttrykk for kjensler ”Utruleg kjedeleg skoledag…” Og kanskje eit ønske: "Kan vi ha noko godt til middag?".

Sint far roper til dotter si. Foto.
Å gi nokon ein ordre er også ei språkhandling.

Å informere om noko, å gi uttrykk for kjensler eller å komme med eit ønske er døme på språkhandlingar.

Fem grunnleggjande språkhandlingar

Ein tekst kan representere ei eller fleire språkhandlingar. Vi utfører handlingar med språket avhengig av kva vi ønskjer å oppnå med teksten vår. Det er ifølge Searle fem grunnleggjande språkhandlingar: påstandar, ordrar, lovnader, kjensleuttrykk og kvalifiseringar.[1]

Påstandar

Med påstandar kan vi konstatere noko om verda. Då kan vi bruke språkhandlingar som å påstå, informere, fortelje, forklare eller gjengi. Avsendaren forpliktar seg til at påstanden skal vere sann, og mottakaren kan stadfeste om påstanden stemmer. ”Bussen til Stavanger går klokka 16”, og ”Oslo er hovudstaden i Noreg” er eksempel på påstandar med utsegnssetningar.

Ordrar

Nokre gonger vil vi at andre skal utføre handlingar for oss, eller vi vil påverke andre sine haldningar. Med språkhandlinga ordre kan vi be om noko, beordre nokon til å gjere noko eller krevje at nokon gjer noko. Då brukar vi ofte spørjesetningar: ”Kan du gi meg den boka?” eller imperativsetningar: ”Gjer leksene no!”

Lovnadar

Som avsendar kan du forplikte deg til å gjere noko ved å gi ein lovnad. Det er viktig at den som gir lovnaden, også kan halde han. Vi kan love noko: ”Eg lovar å hjelpe deg neste gong”, garantere noko: ”Vi garanterer for at dette produktet er det beste på marknaden” eller tilby noko: ”Vi tilbyr deg den beste løysinga.”

Kjensler

Ofte har vi behov for å gi uttrykk for opplevingar eller kjensler. Då kan vi bruke språkhandlingar der vi takkar for noko, viser glede overfor noko, viser sinne, kjem med ei unnskyldning og så vidare, som i ”Gratulerer med dagen!”, ”Så flink du er!”, ”Unnskyld.”

I ein viktig seremoni som bryllup finn du mange ulike språkhandlingar. Klippet er teke frå "Migrapolis" (NRK, 2000).

Kvalifiseringar

Kvalifiseringar er språkhandlingar som kan forandre verda og skape ei ny verkelegheit. Ei kvalifisering kan vere ei domsseiing, ei krigserklæring eller ei åpningserklæring. Når presten i kyrkja under ein vigsel seier: ”Eg erklærer dykk for rette ektefolk å vere”, har han gjort ei kvalifisering. For dei to menneska som giftar seg, blir det ei ny verkelegheit. Dei har gått frå å vere kjærastar eller sambuarar til å bli ektefolk. Nye reglar gjeld for forholdet mellom desse to menneska.

  1. 1«Spech Arts». Searle, J. R. Cambridge University Press. 1969.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff