Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. SpråkbruksanalyseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Språkbruksanalyse

Oppgåve 1

Kva må vere sant i desse ytringane? Finn proposisjonane og skriv dei ned.

  • Noreg er det beste landet i verda å bu i.
  • Førre veke kom sonen min heim klokka ti.

Kva kan du seie om referanse, fleirtydnad og kontekst i dei to ytringane?

Oppgåve 2

Det er ifølgje Searle fem grunnleggjande språkhandlingar: påstandar, ordrar, lovnader, kjensleuttrykk og kvalifiseringar.

Kva slags språkhandlingar vil du seie dette er?

  • Klokka er tre.
  • Utestaden stengde klokka to.
  • Kom deg heim.
  • Eg vil ikkje meir.
  • Du er ikkje noko glad i meg.

Oppgåve 3

Grice har formulert fire grunnreglar for god kommunikasjon: Ver oppriktig, ver informativ, ver relevant, ver klar.

  • Finn døme frå dagleglivet der du eller andre vel å bryte grunnreglane til Grice.
  • Kva for grunnreglar blir brotne, og kvifor? Kva blir konsekvensane? Bruk kommunikasjonsmodellen når du forklarar.

Oppgåve 4

Analyser kommunikative funksjonar i ein tekst. Du kan velje eit blogginnlegg, eit lesarinnlegg, utdrag frå eit talkshow eller ein reklame som du vil analysere.

Bruk spørsmåla nedanfor som utgangspunkt for analysen din:

  • Kva slags type tekst er det (skriftleg, munnleg, samansett).
  • Kva er sjangeren, og kva for modi er teksten sett saman av?
  • Kva er kommunikasjonssituasjonen (avsendar, mottakar, melding, kontekst, medium)?
  • Kva slags språkfunksjonar og språkhandlingar finn du? Det kan vere fleire språkfunksjonar i ein tekst, men som oftast vil éin dominere. Vel ut ytringar du synest er relevante å kommentere.
  • Vurder deretter samspelet mellom teksttype, sjanger, kommunikasjonssituasjon og kommunikative funksjonar.
  • Kommenter i kor stor grad du synest kommunikasjonen er vellykka.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff