Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
  5. Sanningsinnhaldet i ei ytringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sanningsinnhaldet i ei ytring

Når du les denne nettsida, ventar du at det du les, er sant, og ikkje noko forfattaren har funne på for å lure deg. Samtidig har du også ein heil del bakgrunnskunnskap som gjer at du forstår det du les.

Regnestykket to pluss fire er lik seks skrevet på grønn tavle. Foto
I matematikk er det lettare å vite om noko er sant eller usant enn i mange andre ytringar.

Vi vil automatisk bruke kunnskapen vår om verda til å forstå ytringar. Så lenge vi har med sakprosa å gjere, noko som gjeld store delar av dagen, ventar vi at det vi les eller høyrer skal vere sant.

Proposisjonar - sanne eller usanne?

Tenk deg at ein son (avsendar) ytrar denne meldinga til mor si (mottakar):

”Om tre dagar skal kameraten min reise til England.”

Mora reknar med at det sonen seier er sant, og det gjer ho på bakgrunn av kunnskapen sin om sonen og om verda. Dette kallar vi proposisjonar.

For å avgjere om ei ytring er sann eller ikkje, kan vi dele ytringa inn i proposisjonar. Ein proposisjon kan vi avkrefte som sann eller usann. Ytringa ovanfor kan ha fleire proposisjonar, og mottakaren må stadfeste desse som sanne eller usanne:

  1. Det finst ein person X (i dette tilfelle sonen som avsendar) som har ein kamerat Y.
  2. Kameraten Y har mulighet til å dra på reise.
  3. Det finst ein stad som heiter England som det går an å reise til.

Mora brukar kunnskapen sin om sonen og verda og trekkjer tre ulike typar slutningar for å forstå ytringa frå sonen.[1] For det første må ho kjenne til referansen for ytringa, altså korleis det blir referert til tid, handlingar, stader, gjenstandar og personar. Vi får høyre om ein kamerat, at det skal skje om tre dagar, og om landet England. Mottakaren må vite kva dette refererer til.

For det andre må mottakaren redusere det fleirtydige i ytringa. Mange av orda vi brukar kan ha fleire moglege tydingar, og då må vi velje den rette. Ordet ”tre” kan vere substantivet ”eit tre”, talordet "tre" eller verbet ”å tre”. Som oftast vil det gå fram av konteksten kva tyding som gjeld, men ikkje alltid.

For det tredje må mottakaren fylle ut konteksten rundt ytringa. Dersom vi no seier at sonen seier dette midt i sommarferien, og mora veit at sonen sin kamerat har ei mor frå England, vil det ikkje vere usannsynleg at denne kameraten skal reise til England.

Vi kan ikkje utfylle all informasjon

Mykje informasjon tek vi for gitt, og vi forstår heile tida ytringar i forhold til all den kunnskapen vi allereie har. Derfor må vi også gå ut frå at noko av informasjonen vi utvekslar, er kjend. Skal vi gjere greie for alle proposisjonane kvar gong vi ytrar noko, blir det frykteleg tungvint. Då kan det bli som dette: ”Eg har ein kamerat, og han skal om tre dagar, som altså blir på tirsdag, som er ein vekedag, reise til England, som er eit land i Europa, som er ein verdsdel" og så vidare.

Det tilsvarande gjeld for skriftlege tekstar. Vi må heile tida gå ut frå at mottakaren er kjend med noko informasjon, elles vil det bli frykteleg tungvint både å lese og å skrive. Samtidig vil mykje av denne kunnskapen vere kulturavhengig. Du som veks opp i Noreg vil forstå tekstar ut frå ei norsk forståingsramme.

Feilslutningar når kulturavstanden er stor

I ein kommunikasjonsprosess vil deltakarane heile tida trekkje slutningar om det som blir sagt. Det er viktig at mottakaren gjer helt bestemte vurderingar om verda, slik at proposisjonane blir sanne og ytringa gir meining.

Dette inneber også at vi har nokolunde same forståing av verda rundt oss. Her vil den kulturelle avstanden vere sentral. Jo kortare den kulturelle avstanden er, jo lettare forstår vi kvarandre. Når det oppstår misforståingar, kan det skuldast at ein trekkjer feil slutningar.

Team Antonsen (NRK, 2004): Atle Antonsen og Harald Eia visar ulike tolkingar av kroppspråk.
  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff