Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva vil vi med teksten?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkfunksjonar

Det er vanskeleg å komme unna at all språkbruk kommuniserer eitt eller anna, sjølv om det ikkje alltid er medvite. Vi bruker også språket på ulike måtar, alt etter kva vi vil oppnå med det.

Kvinnelig student som dagdrømmer. Foto.
Kva vil du kommunisere med teksten din? Bevisst eller ubevisst bruker du språket for å påverke.

Ein av dei som sette desse tankane i system, var Roman Jakobson. Han er blitt særleg kjend for teorien om språket sine seks funksjonar, der kvar av funksjonane fokuserer på visse sider ved språket og det vi vil oppnå med det. Sjølv om all språkbruk handlar om kommunikasjon, kan fokuset i det vi kommuniserer altså liggje på ulike område i kommunikasjonssituasjonen.

Emotiv språkfunksjon

Den emotive funksjonen er særleg tydeleg i tekstar der vi er opptekne av våre eigne kjensler. Frå engelsk kjenner vi ordet ”emotion”, som betyr nettopp kjensler. Kanskje vil vi uttrykkje kjærleiken vår overfor ein annan person, kanskje vil vi fortelje i eit sint lesarinnlegg kor irriterte vi er over at bussane alltid kjem for seint.

Kanskje vi som Sigbjørn Obstfelder i diktet “Jeg ser” uttrykkje oppfatninga vår av verda. Slike tekstar der avsendar sjølv står i sentrum, kallar vi emotive tekstar.

Jeg ser

Jeg ser på den hvide himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.

Dette er altså verden.
Dette er altså klodernes hjem.

En regndråbe!

Jeg ser på de høie huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
Jeg ser på det fjerne kirketårn.

Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.

De gråblå skyer samler sig. Solen blev borte.

Jeg ser på de veklædte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende heste.

Hvor de gråblå skyer blir tunge.

Jeg ser, jeg ser …
Jeg er vist kommet på en feil klode!
Her er så underlig …

(Sigbjørn Obstfelder, fra samlingen Digte, 1893.)

Konativ språkfunksjon

Kollasje av flere ulike reklamer. Foto
Reklameplakat

Andre gonger er vi meir opptekne av mottakaren i kommunikasjonssituasjonen. Vi prøver å tale direkte til, kanskje også å påverke han. Sjølv om avsendaren gjerne har personlege mål med det som blir sagt, ligg fokuset på den som les eller høyrer på.

Både innanfor reklame og politikk (særleg i valkampar) er den konative funksjonen sterkt representert. Mottakaren blir her minna på om at vi berre må ha det og det produktet fordi det er bra for oss, eller at det og det partiet vil gjere kvardagen betre for oss.

Referensiell språkfunksjon

I mange tekstar, kanskje særleg innanfor skule, utdanning og forsking, er det derimot korkje avsendaren eller mottakaren som står i fokus. I staden er det vi litt generelt kan omtale som verda eller sjølve saka som er i fokus.

Dersom vi til dømes skal skrive ein analyse av ein roman, eller ein rapport frå eit fysikkforsøk, er det ikkje først og fremst oss sjølve eller den som skal lese analysen eller rapporten som er interessant. Det som verkeleg er viktig, er det vi snakkar om, anten det no er romanen eller fysikkforsøket.

I slike tilfelle søkjer vi gjerne etter det referensielle språket – den språkbruken som refererer til noko eller informerer om noko utanfor både avsendar og mottakar.

Metaspråkleg språkfunksjon

Ofte når vi snakkar, opplever vi at den vi snakkar med ikkje alltid forstår kva vi meiner. Det kan vere ord og uttrykk vi bruker, eller at vi rett og slett snakkar for lågt eller utydeleg. Vi merkar gjerne at samtalepartnaren vår blir usikker, og vi må prøve å oppklare. Då gjer den metaspråklege funksjonen seg gjeldande.

Prefikset meta blir brukt i fleire samanhengar, og tyder over. Metaspråk er altså eit språk som er ”over det vanlege språket”, og i praksis vil det seie at vi bruker eit språk om språket, for liksom å slå fast eller sikre at vi snakkar same språk.

Det finst mange eksempel på metaspråk. Ordlista og framandordboka er metaspråk sett i system. Dette er bøker som inneheld tekstar om orda og språket vårt, og forklarer kva orda betyr. Også i munnleg språk finn vi eksempel på dette. Når vi t.d. spør samtalepartnaren vår om ”han skjønar kva vi meiner”, eller om vi rett fram forklarer eit vanskeleg ord vi har brukt, er dette eksempel på metaspråk.

Fatisk språkfunksjon

Å kommunisere inneber å halde kontakt med nokon. Denne kontakten er viktig for at kommunikasjonen skal fungere, men av og til må vi jobbe ekstra for å halde på han.

Tenk deg til dømes at du står og snakkar med ei veninne som du ikkje har sett på ei stund. De prøver å få i gang ein samtale, men merkar at det stoppar litt opp. Då kan vi til dømes leggje inn ”ekstraord” som ”liksom”, ”eee” og ”ja, ja”. På den måten sørgjer vi for at det heile tida blir utveksla ord og lydar, og vi held liv i kommunikasjonen.

Omgrepet fatisk blir gjerne erstatta med sosial. Det kan gjerne tydeleggjere eit viktig poeng ved denne typen språkbruk. Dersom den sosiale funksjonen står mest sentralt i språket, er vi meir opptekne av den sosiale og mellommenneskelege delen av kommunikasjonssituasjonen, enn vi er av innhaldet i det vi seier.

To menneske som snakkar om vêret medan dei ventar på at bussen skal kome, er gjerne ikkje veldig opptekne av om det regnar eller snør, men dei er truleg ganske interesserte i å ha kontakt med kvarandre, og i alle fall å unngå det vi ofte kallar ”pinlege pausar”.

Kva kan vi snakke om når vi ikkje kan snakke om véret?

Poetisk språkfunksjon

Den siste funksjonen vi skal ta med her, er den poetiske funksjonen. Som namnet tilseier, har dette noko med skjønnlitteratur å gjere. Den poetiske funksjonen er særleg tydeleg når fokuset ligg på språket i seg sjølv, og det er ofte tilfelle i skjønnlitteraturen.

Kanskje særleg når vi les lyriske tekstar, som til dømes eit dikt, legg vi spesielt merke til korleis lyrikaren har ordlagt seg. Gjennom ordval, vers- og strofeinndeling og ulike språklege verkemiddel som skil seg frå ”kvardagsspråket” ser vi ofte raskt at språket i seg sjølv blir ekstra tydeleg.

Språkfunksjonene med eksempel

Funksjon Forklaring Døme
Emotiv funksjon (kjensler) Fokus på avsendar "Jippi!"
Konativ funksjon (overtyde) Fokus på mottakar "Stem på oss!"
Referensiell/informativ funksjon (saksforhold) Fokus på konteksten "Tigeren kan vi kjenne igjen på stripemønsteret. Det er det største nolevande kattedyret vi har."
Metaspråkleg funksjon (forklaringar til språket) Fokus på koden "Forstår du kva eg meiner med det omgrepet...?"
Fatisk funksjon (sosial) Fokus på formidlinga/kontakten "Ja ja...fint vêr i dag...ja ja men sann..."
Poetisk funksjon (språket i seg sjølv) Fokus på språket/meldinga "Dråpen / henger der / ikke"


Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Korleis argumenterer du?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva appellerer argumenta dine til?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff