Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. Munnlege tekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Munnlege tekstar

Munnleg kommunikasjon kan vere å diskutere med venner, snakke i telefonen eller halde eit foredrag. Vi er også mottakarar av mange tekstar der det munnlege aspektet er viktig, som å høyre på radioen eller sjå se ein instruksjonsvideo på Youtube.

Jente med hodetelefoner. Foto.

Det er likevel langt frå berre det munnlege som er til stades i desse tekstane. Held du eit foredrag, bruker du kanskje ein powerpoint, høyrer du på radioen, vil det vere musikkinnslag, og ser du eit debattprogram, kan det vere innslag av film.

Definisjon: Munnlege tekstar er tekstar der munnleg kommunikasjon er den dominerande uttrykksforma, men der også andre modi som stemmebruk, tonefall, dialekt, kroppsspråk, klede, musikk og bilete vil vere sentrale for å forstå samspelet i teksten.

Kjenneteikn ved munnlege tekstar

Bruk av stemme og høyrsel

Eit viktig kjenneteikn ved ein munnleg tekst er at stemma er hovudmediet, og vi må bruke høyrselssansen for å avkode teksten. Ein munnleg tekst vil derfor vere auditiv. Nokre gonger er stemma vår mediet, andre gonger blir det brukt medium som tv og radio for å formidle den munnlege teksten.

Stor grad av spontanitet

Munnlege tekstar er lite planlagde, spontane og lite varige, men det gjeld ikkje alle typar munnlege tekstar:

  • I ein samtale har vi lita tid til å planleggje det vi skal seie. Vi kan reagere med éin gong på noko som blir sagt, og samtalen treng ikkje vare meir enn eit par minutt.
  • I ei nyheitssending på radioen vil nyheitsopplesaren ha eit ferdigskrive manus, samtidig som det kan vere innslag av intervju der nyheitsopplesaren ikkje kan planleggje alle detaljar.

Bruk av ikkje-verbal kommunikasjon

To vener som snakkar saman kan sjå kvarandre og ha ein dialog. Undervegs i samtalen kan dei bruke mimikk, kroppsspråk og tonefall når dei snakkar med kvarandre. Ved å heve stemma kan dei markere usemje, ved å nikke med hovudet kan dei markere semje. Dei kan avbryte kvarandre og stille spørsmål når dei ikkje forstår.

Bruk av småord

Å snakke som ein skriv er vanskeleg. Når vi snakkar, bruker vi småord som ”liksom”, ”på ein måte”, ”skjønar du”, ”ikkje sant”, eller nøleord som ”eh..”, ”hm..” og vi uttrykkjer oss meir uformelt. Fleire av ytringane kan også vere ufullstendige, men sett i samanheng med resten av samtalen og som ein del av ein større kontekst, vil dei likevel gi meining.

Bruk av tilpassa munnleg språk

Ein munnleg tekst vil ha eit munnleg språk, men språket må vi tilpasse sjangeren og konteksten, slik vi må i alle tekstar.

Tenk deg at dagens nyheitssending startar slik: ”I dag har det, eh, på ein måte, vore ei slags ulykke liksom, ein eller annan stad, eg hugsar ikkje heilt kvar, trur eg…” Dette er språkbruk vi tenkjer på som privat, og som vil passe til ein samtale mellom to vener.

I ei nyheitssending er språkbruken offentleg. Nyheitsopplesaren skal formidle nyheitene til mange mottakarar, og det stiller visse krav til språkbruken. Språket må vere formelt, korrekt og presist, og avsendaren har tid til å forberede det som skal bli sagt.

Sosiale faktorar spelar inn

Måten vi bruker språket på, heng også saman med sosiale faktorar som makt, kjønn, alder, sosial bakgrunn og økonomisk bakgrunn. Ungdommar har sin måte å bruke språket på, og gutar og jenter brukar ikkje språket likt. Også innanfor ulike yrke har dei eit språk som er tilpassa dei.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjanger

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter