Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. Skriftlege tekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skriftlege tekstar

Du møter skriftlege tekstar heile dagen. Allereie idet du skal ha frukost, vil du sjå tekst på emballasjen til det du et og drikk. Han fortel deg kva det er du et, og kva maten og drikka inneheld. Emballasjen har ein design med bilete, tekst og farge.

Melkekartongar i kjøledisken. Foto.

Deretter tek du bussen til skulen, og bussen har eit nummer og eit stadnamn som fortel deg kvar bussen skal. På bussen les du kanskje nokre tekstmeldingar, og når du kjem på skulen, les du i lærebøker og på nettsider. Vi lever i eit skriftbasert samfunn, og ein dag utan skrift er nærmast utenkjeleg.

Skriftlege tekstar er statiske og monologiske

Ein roman er eit døme på ein skriftleg tekst. Sjølve den skriftlege teksten i romanen vil ikkje endre seg mens du les, han er ein statisk tekst. Du som les har stor makt over ein skriftleg tekst. Du kan bestemme kva du skal lese, og avsendaren ser ikkje mottakaren. Avsendaren har likevel god tid til å planleggje det han/ho skal skrive. Ein forfattar kan bruke fleire år på å skrive ein roman.

Ein skriftleg tekst er ikkje knytt til ein her-og-no-situasjon, og han er lite prega av dialog. Skriftlege tekstar er derfor ofte monologiske. Ved hjelp av skriftlege tekstar kan vi kommunisere over store avstandar i tid og rom. Dei islandske ættesagaene frå 1000-talet er skriftlege tekstar som i dag gir oss kunnskap om det norrøne språket og kulturen i Norden i vikingtida.

Skjønnlitteratur og sakprosa

Vi kan dele inn skriftlege tekstar på ulike måtar alt etter formålet. I vår kultur er det vanleg å skilje mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Skjønnlitteraturen er fiksjon, altså tekstar som er oppdikta og der vi ikkje forventar at det vi les skal vere sant. Her finn vi sjangrar som novelle, roman, dikt og eventyr.

Tekstmelding. Foto.

Sakprosa er tekstar som fortel oss noko om verkelegheita. Desse tekstane er baserte på fakta, og vi forventar at det vi les, skal vere sant. Veldig mykje av det vi les i løpet av ein dag er sakprosa, som nyheitsartiklar, lærebøker, lesarinnlegg, bloggar og tekstmeldingar.

Forholdet mellom fakta og fiksjon kan synast enkelt, men det finst mange døme på tekstar der dette likevel ikkje er så enkelt. I romanen Bokhandleren i Kabul. Et familiedrama skriv Åsne Seierstad om sitt møte med ein afghansk familie som ho budde saman med i 2001. Seierstad meinte at ho i boka si skildra verkelegheita, men spørsmålet om dette var ein roman med innslag av fiksjon, var ikkje avklart med den afghanske familien.[1]

Det førte til ein vanskeleg diskusjon du kan lese meir om i artikkelen nedanfor. Det kan også vere lurt å lese forordet til Bokhandleren i Kabul i Dagbladet: Er suksessboka hennes sakprosa?

Skrifttypar

Forskjellige vegskilt. Foto.

Ein skriftleg tekst er ein tekst der skrift er den dominerande uttrykksforma. Samtidig inneheld mange skriftlege tekstar bilete, fargar og ulike skrifttypar, som til dømes nettaviser, og vil derfor også vere samansette tekstar.

Skrifttype, størrelse på bokstavar og feit eller kursiv er nokre modi å velje mellom når ein skal lage ein skriftleg tekst.

Val av skrifttype vil til dømes ha betydning for kva stil avsendaren ønskjer at den skriftlege teksten skal ha. Du kan lese meir om skrifttypar på desse NDLA-sidene: Skrifttypar

  1. 1«Alle tekster er sammensatte». Tønnesson, J. 2006.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter