Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samansette tekstar

Ein samansett tekst er ein tekst som inneheld minst to ulike uttrykksmåtar, som lyd, bilete, skrift eller video. Uttrykksmåtane speler saman og gir teksten meining. Mange av tekstane du omgir deg med, er samansette.

Reklameplakater for 7-eleven. Foto.

Modalitetar

Vi seier at samansette tekstar inneheld ulike modalitetar, dei er multimodale. Skrift er ein modalitet, musikk er ein annan. Døme på tekstar som inneheld fleire modalitetar er TV-program, film, nettsider, plakatar, reklame og musikkvideoar.

Omgrepa samansette eller multimodale tekstar blir brukte om kvarandre. Ein kan utvide tekstomgrepet enno meir og kalle til dømes ein konsert, ei utstilling og ei klesdrakt for samansette tekstar. Det betyr av vi trekkjer inn modi som klede, fargar og rommet (til dømes ei konsertscene) i arbeidet med samansette tekstar.

Når du arbeider med samansette tekstar, er det viktig å kunne seie noko om samspelet mellom modiane. Kvar modus vil ha sine kjenneteikn, men det interessante er å sjå kva som skjer når modi blir sette saman. Vi skal sjå på nokre slike døme.

Musikkvideoar

Michael Jackson. Foto.

Søk etter musikkvideoen til "Thriller” av Michael Jackson på YouTube. Her blir tekst, musikk og levande bilete kombinerte, noko som er nokså vanleg for musikkvideoar.

Det interessante med denne musikkvideoen, er korleis han er bygd opp. Sjølve musikkvideoen fortel ei skrekkhistorie der songen ”Thriller” er ein del av historia.

Videoen blir nesten ein kortfilm, for han varar i heile 14 minutt. ”Thriller” har gått inn i historia som ein klassikar når det gjeld musikkvideo, blant anna på grunn av skrekkscenene, dansescenene og musikken og stilen til artisten Michael Jackson.

Sjekk ut "Thriller"

Søk opp og sjå på videoen til "Thriller". Finn eksempel på ulike modi som er brukte i filmen. Korleis er dei sette saman, og korleis vil du vurdere kommunikasjonen?

Les meir her: Om musikkvideoen "Thriller" (Michael Jackson)

Musikk - kombinasjon av lydeffektar

Casiokids. Foto.

Det norske elektronikabandet Casiokids kombinerer ei rekkje ulike lydelement i songane sine. Dei brukar enkle popmelodiar kombinerte med elektronisk musikk, song, tale og analoge (fysiske) lydar og instrument.

Casiokids er eit av få norske band som syng på norsk, men som likevel har klart å gjere det stort i utlandet.

Casiokids

Lytt til "Finn bikkjen!" (eller ein annan song) av Casiokids.

Noter ulike typar element du høyrer, og diskuter samspelet mellom dei ulike lydelementa.

Klede

Lady Gaga. Foto.
Lady Gaga har ein særeigen klesstil.

Kleda du har på deg vil kommunisere noko om kven du er, og for artistar er klesdrakta ein viktig del av deira image som artist.

Når Lady Gaga går på scenen, er det neppe tilfeldig kva ho har teke på seg. Slik vil kleda hennar, saman med musikken og resten av showet, utgjere ein samansett tekst der mange modi blir kombinerte.

Tenk over klede og kommunikasjon

Sjå på klesstilen til to kjende personar. Det kan vere artistar, konglege, politikarar, reality-kjendisar eller andre.

  • Kva slags klede har dei på seg? Kva fargar har kleda?
  • Kva stil har dei?
  • Kva kommuniserer kleda?

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjanger

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter