Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. Korleis er ein tekst sett saman?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis er ein tekst sett saman?

I løpet av ein dag er du både avsendar og mottakar av ei rekkje ulike tekstar. Det kan vere tekstmeldingar, diskusjonar på nettet, faglege tekstar på skolen, munnlege foredrag, filmar eller nettsider.

Samansette tekstar. Kollasj.

Frå norskfaget kjenner du omgrepet samansette tekstar, det vil seie tekstar som kombinerer to eller fleire uttrykksmåtar. TV-program, nettsider, filmar og konsertar er døme på samansette tekstar der skrift, bilete, lyd og levande bilete er sette saman på ulike måtar. Les meir i denne fagartikkelen: Kvifor er tekstar samansette?

Samansette tekstar har fleire modusar

Eit anna namn for samansette tekstar er multimodale tekstar. Multi betyr fleire, mens modale kjem frå modus og betyr måte. Når vi skal lage ein tekst, har vi mange modi (ein modus – fleire modi) eller teksttypar tilgjengelege. Døme på modus kan vere skrift, fotografi, måleri, musikk, typografi, fargar, lydar, blikk, klede, stemmebruk og kroppsspråk.

Modiane vi har tilgjengelege kan setjast saman på mange måtar. Dei blir realiserte i eit bestemt materiale eller medium, som til dømes:

  • eit tv-program
  • ein film
  • ein samtale
  • ei nettside
  • ei bok
  • eit radioprogram

Ein reklamefilm på tv kan vere ein kombinasjon av musikk, dans, bilete/film og tekst. Ei biletbok for barn kan vere ein kombinasjon av bilete og tekst, men bileta kan vere av ulike typar, som til dømes fotografi, teikningar eller animerte bilete.

Klippet under er eit utdrag frå animasjonen basert på barneboka "Sinna mann" (Gro Dahle, 2003).

Kva for ulike modus finn du i denne animasjonen?

Når ein person snakkar, vil personen sin stemmebruk, dialekt, språk, påklednad og kanskje også utsjånad styre tolkinga av det som blir sagt. Ein munnleg tekst som ein samtale, vil også vere ein samansett tekst fordi vi har ulike modus å velje mellom når vi skal uttrykkje oss munnleg.

Også klede kan vere ein tekst. Kombinasjonen av klesplagg, stoffkvalitet, farge, design og merke som du har på deg, utgjer ein samansett tekst.

Alle tekster er i utgangspunktet multimodale

Papiraviser. Foto.

På biletet ser du ei avisside. Avisa sitt val av skrifttypar, storleiken på overskrifter, ingressar, brødtekst og oppsett vil saman med den skriftlege teksten gjere avissida til ein samansett tekst.

Standard oppsett for skriftlege innleveringar på skolen kan vere skrifttypen Times New Roman, men du kan velje mellom ei rekke andre skrifttypar, noko som vil ha mykje å seie for teksten din. Du kan lese meir om ulike skrifttypar i denne fagartikkelen: Skrifttypar

Med bakgrunn i dette kan vi seie at alle tekstar er samansette eller multimodale. Den som produserer ein tekst har alltid fleire ulike modi eller teksttypar å velje mellom, og det er eigentleg umogeleg å tenkje seg ein tekst som består av berre éin modus.[1]

Tre hovudkategoriar

Vi skal likevel skilje mellom tre hovudtypar tekstar: Samansette tekstar, skriftlege tekstar og munnlege tekstar. Det er ikkje vasstette skilje mellom desse, og utgangspunktet er at avsendaren alltid vil bruke to eller fleire modi i produksjonen av ein tekst. Men nokre gonger er det tydeleg at skrift eller tale er den modusen som dominerer, som i ein artikkel eller i ein samtale. Ein artikkel vil derfor vere ein skriftleg tekst, mens ein samtale vil vere ein munnleg tekst.

  1. 1«Alle tekster er sammensatte». Tønnesson, Johan. 2006.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjanger

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter