Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. Kva er ein tekst?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva er ein tekst?

Kan ein tekst som ikke gir deg meining likevel vere ein tekst?

Så langt har vi sett på nokre sentrale sider ved tekstomgrepet, og ein essens i det vi har sagt er at ein tekst må vere i stand til å formidle meining.

Det er likevel lett å finne tekstar som ikkje gjev meining for akkurat ”deg og meg”, men som likevel kan kallast tekstar. Så langt kan vi likevel kanskje nøye oss med å slå fast at ein tekst er "ei rekkje med teikn som har ein samanheng og ein kommunikativ funksjon eller eit formål[1]

Oppgåve 1

Sjå filmen Un chien Andalou som blei spelt inn i 1928. Du finn heile filmen (ca. 17 min.) på YouTube. Vurder filmen i lys av det vi har sagt om tekstomgrepet.

  • Kva for tekstkriterium er på plass i denne filmen?
  • Er det nokre kriterium som ikkje er på plass?
Fotografen Dave McClane har laget et portrett av den surrealistiske kunstneren Salvador Dali. Dali er avbildet sammen med en klokke og en telefon, to symboler som går igjen i Dalis kunstverk.
Eit bilde av kunstnaren Salvador Dali var inspirasjon til "Un chien Andalaou".

Oppgåve 2

”Jenta bråbremsa. Nå kastar eg ballen. Unbrakonøkkelen skal dreiast rundt tre gonger. Grovt brød inneheld mykje jern.”

  • I fagartikkelen om tekstdefinisjonen kom vi fram til at desse fire setningane ikkje er ein tekst. Kva for kriterium manglar?
  • Kor mykje må du endre for at dei fire setningane skal bli til ein tekst? Klarer du å forme ein tekst som gir meining utan å endre innhaldet i setninga? Du kan få føye til ord.
  1. 1«Tekst og kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk.». Vagle, W m fl. LNU, Cappelen. 1994.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter