Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. SjangerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjanger

Du har sjangrar rundt deg heile tida. Når du skal velje deg ei bok, ein film, ein TV-serie eller musikk, vel du blant ulike sjangrar. På skolen lærer du å skrive og analysere fleire teksttypar og sjangrar.

Bøker i bokhandel. Foto.
Ulike sjangrar hos bokhandlaren gjer det lettare å finne det du leiter etter.

Ein sjanger er ei norm eller eit sett med retningslinjer for korleis ein bestemt tekst skal utformast og til ein viss grad kva han skal innehalde. Sjanger er altså noko vi som avsendar må tenkje over når vi skal lage ein ny tekst.

Ein annan viktig funksjon ei sjangernorm har, er å gje mottakaren ein peikepinn på korleis teksten skal lesast. Når vi les eit dikt, les vi med andre auge enn når vi les ein bruksinstruks - vi leitar altså etter ulike typar bodskap alt etter kva sjanger det er snakk om. Langt på veg vil sjanger også vere styrt av den funksjonen teksten er meint å ha.

Verkelig eller oppdikta?

Sjangrar er med på å strukturere verkelegheita som blir servert i tekstane, og sjangrane seier oss også noko om kva for verkelegheit vi skal stille oss inn på:

  • ei oppdikta verkelegheit slik vi finn det i romanar og filmar
  • ei verkelegheit som vi må konstruere sjølv slik vi finn det i lyriske tekstar
  • ei verkelegheit som er objektiv slik vi kanskje finn det i nyheitssendingar
  • ei verkelegheit som er subjektiv slik vi finn det i essayet
Ordsky formet som en jordklode, fake news fremhevet. Illustrasjon.
Falske nyheiter liknar i forma på ekte nyheiter.

Når vi les ein tekst, vil vi stille oss inn på eit syn på verkelegheiten avhengig av sjangeren. Vi vil då lese teksten ut frå dette. Då må vi også vere klar over at sjangrane kan misbrukast eller brukast til å forføre eller lure oss til å tru at den verkelegheita vi får servert, er noko anna enn det han kanskje er.

Dette gjeld ikkje minst tekstar som utgir seg for å vere nyhetsartiklar. Forma og innhaldet kan lede oss til å tru at artikkelen har ein seriøs utgjevar og eit objektivt innhald. Formålet med slike tekstar kan vere å påvirke lesaren politisk eller få lesaren til å kjøpe produkt.

Hovudsjangrane skjønnlitteratur og sakprosa

Innanfor skjønnlitteraturen er det vanleg å skilje mellom dei tre storsjangrane epikk (prosatekst med ein forteljar), lyrikk (tekst skrive på vers) og dramatikk (tekst meint for framføring som til dømes skodespel). Desse har igjen fleire undersjangrar som kvar har sine kjennemerke og som vi vil komme attende til seinare. Fellestrekka for alle sjangrane i skjønnlitteraturen er at innhaldet er oppdikta.

Også i sakprosaen kan vi foreta inndelingar i ulike sjangrar alt etter kva som kjenneteiknar teksten. Artikkelen, rapporten og essayet som du ofte skriv i skulesamanheng, er døme på dette. Dei har kvar sine typiske trekk som vi bør kjenne til når vi skriv, og som også lesaren av dei forventar skal vere på plass. Fellestrekka for alle sjangrane i sakprosaen er at innhaldet tar føre seg ei sak og er sant.

Du kan lese meir om sjangrar og sjangerinndeling på NDLA sine norsksider.

Også ulike sjangre i andre teksttypar

Slike sjangerinndelingar bruker vi også innanfor dei andre teksttypane vi nemnde ovanfor. Både film, musikk, talekunst og biletkunst opererer med ulike sjangrar med eigne normsett.

I tillegg til sjangrar innanfor litteratur, sakprosa, film osv, kan vi også snakke om sjangrar i klede. Også slike fenomen kan og vere bygd opp av mindre bitar som er sett saman etter faste reglar og som på mange måtar også kan formidle ein bodskap.

Bunaden er til dømes bygd opp på faste mønster. Det same kan også gjelde plagg vi bruker til høgtidelege seremoniar som til dømes bryllaup, dåp eller gravferd. Også innanfor ulike yrkesgrupper finn vi eksempel på faste kleskodar.

Sjangerblanding

Jente i bunad med sminke og piercing. Foto.
Sjangerbrot eller sjangerblanding?

Ikkje alle tekstar vi møter kan utan vidare plasserast i ein tekstbås. Ofte kan vi ha problem med å slå fast om vi har å gjere med eit dikt eller ein roman, ein dokumentarfilm eller ein spelefilm, eit fotografi eller eit måleri. Blandingsprodukt finn vi overalt.

Sjølv om vi som mottakar ofte vil og kanskje bør forvente at tekstnormene blir følgde, kan det også vere ekstra spanande å lese tekstar som bryt opp med det vi er vane med såkalla sjangerblandingar.

Sjangerbrot

Nokre gonger kan det likevel gå for langt, og avstanden mellom tekst og mottakaren sine forventningar til teksten kan bli for store. Då snakkar vi gjerne om eit sjangerbrot. Eit slikt sjangerbrot kan føre til misforståingar og sterke reaksjonar hos mottakaren. Det er difor viktig at avsendaren veit kva for situasjonar som krev ein tydeleg sjanger.

Sjangerbrot kan vi og finne i klede. Eit bunadskledd menneske med caps og joggesko kan utvilsamt ytre noko gjennom måten han eller ho er kledd på, men sjangerbrotet øydelegg på mange måtar for den bodskapen ein bunad i utgangspunktet sender ut – nemleg ein bodskap om geografisk tilhøyre, slekt og tradisjon.

Andre gonger kan likevel sjølve opplevinga av sjangerbrot vere eit mål i seg sjølv, og det kan vere med på å vekkje til live gamle mønster og førestellingar som vi tek for gitt.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter