Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
  5. Tekst, samanheng og føremålChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tekst, samanheng og føremål

Eit av kriteria for å kalle noko ein tekst, er at det kommuniserer og at vi kan trekke meining ut av teksten. Han må også ha ei viss samanheng. Men kva skal til å for å skape meining og samanheng?

Bruksanvisning og verktøy for å montere flatpakkede møbler fra IKEA. Bilde.
Gir bruksanvisningar meining?

Er dette ein tekst?

”Jenta bråbremsa. No kastar eg ballen. Unbrakonøkkelen skal dreiast rundt tre gonger. Grovt brød inneheld mykje jern.”

Ut frå det vi har sagt tidlegare, vil dette kunne vere eit eksempel på tekst. Det følgjer dei reglane som gjeld for setningsbygning, og det er her tre setningar som er sett saman. Vi forstår også kva som blir sagt i setningane. Sett saman gjev dei derimot lita eller inga meining, og vi ser ingen samanheng mellom dei fire setningane. Resultatet blir at vi ikkje greier å trekke ut noko meining av det vi les, eller sagt på ein annan måte: Dei kommuniserer ikkje noko meiningsfylt og det er ikkje nokon samanheng mellom dei.

Rolla avsender og mottaker har

I og med at dette faget i stor grad handlar om kommunikasjon, vil vi i stor grad jobbe med tekstar som faktisk kommuniserer noko meiningsfylt for den som les teksten, altså mottakaren.

Avsendaren vil på si side som regel ha eit føremål med teksten han sender frå seg. Kanskje vil han prøve å ytre ei personleg meining, kanskje vil han overtyde oss om noko, eller kanskje vil han berre gje oss ei oppleving eller sette oss i ei stemning.

Det vil som regel alltid vere slik at vi som mottakar av ein tekst må fylle inn noko informasjon sjølv for at teksten skal gje meining for oss. Ein tekst som seier alt, vil både bli svært kjedeleg og tung å lese, og ikkje minst svært lang. Tenk berre kor lang teksteksempelet ovanfor hadde blitt om vi skulle forklart kva alle orda betydde! For at ein tekst skal kunne kommunisere, må det vere ein balansegang mellom det å seie for mykje og det å seie for lite.

Det må vere samanheng

Eit viktig krav til tekstar, både for at mottakaren skal greie å trekkje ut ei meining, og for at mottakaren skal kunne nå føremålet sitt, er difor at dei har ein viss samanheng. Teksteksempelet ovanfor manglar dette. Sjølv om orda og også setningane kvar for seg gjev meining, ser vi ingen samanheng i heilskapen – det er ikkje noko samlande emne eller tema i han, og kvar setning kjem meir eller mindre som ei overrasking.

Det er fleire måtar å skape samanheng på, og som regel treng vi ikkje tenkje så mykje over det heller. Berre det å gje teksten ein tittel, kan vere med på å førebu lesaren på kva som møter han.

Duchamps pissoar. Illustrasjon.
Kan eit pissoar vere kunst? Kva slags forventningar har du til det du skal sjå på ei kunstutstilling?

Kunstverket Fountain av Marcel Duchamp er eit eksempel på dette. Duchamp tok eit vanleg pissoar og stilte det ut som ein skulptur på ei kunstutstilling.

I seg sjølv er det vanskeleg å tenke seg pissoaret som noko anna enn nettopp eit pissoar. Men ved mellom anna å setje ein tittel på dette, skaper kunstnaren nye forventningar til mottakaren – vi ser på gjenstanden med ønske om å forstå noko.

Vi forstår teksten ut frå kontekst

Konteksten, altså situasjonen som omsluttar kommunikasjonen, fungerer på same måte. Situasjonen påverker korleis vi forstår. Vi bør til dømes vere førebudd på at fantastiske ting kan skje i romanar og filmar vi ser som elles er realistiske på mange måtar.

I filmen Snikende tiger, skjult drage kan vi gjerne bli overraska over mange av scenane, til dømes når personane ser ut til å kunne fly, og klatre oppover loddrette vegger, men dei gjer ikkje filmen uforståeleg av den grunn, tvert om. Dersom foreldra dine fortel ei liknande historie om seg sjølve, vil vi nok stusse meir over dette..

I nyheitssendingane forventar vi ut frå konteksten at vertane serverer oss nyheiter. Dersom dei plutseleg startar med å fortelje private fiskehistorier, vil vi truleg reagere på dette. Det gjev ikkje meining ut frå konteksten.

Ver bevisst på mottakar

Det vi seier eller skriv må altså stå i forhold til den samanhengen det vert sagt i. Først då kan vi rekne med at mottakaren forstår føremålet med teksten.

Samanheng er særleg viktig å tenkje på når du er avsendaren av ein tekst. Du må kanskje vite kor mykje mottakaren veit, kva erfaringar han har, kva for språk han snakkar, kor gammal han er og så vidare. Først då har du eit grunnlag for å sende frå deg ein tekst som kommuniserer.

Når vi vil oppnå samanheng i ein tekst, er det altså viktig å ha eit mottakarfokus. Vi må sjå for oss kven som skal bruke teksten, og vi må tilpasse teksten til han.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjanger

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter