Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. TekstteoriChevronRight
  4. Kva er ein tekst?ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kva er ein tekst?

Når vi til vanleg nyttar ordet ”tekst”, tenkjer vi som regel på skriftleg tekst, slik vi til dømes kan lese i ei lærebok. Dei trykte bokstavane som saman dannar ord, setningar og heile bøker. Men tekst er også andre uttrykk, som musikk og film.

Vegg med tagging. Foto.
Er dette illustrasjonbiletet ein tekst?

Tekst er teikn sett saman til ein heilskap. Betyr dette at alt er tekst? Korleis skal vi definere omgrepet? Ein heilt sentral eigenskap er at tekstar er sette saman av fleire teikn som er ”vovne” saman etter eit meir eller mindre fast eller bestemt mønster til eit større og samanhengande stykke.

Ser vi på det latinske opphavet til omgrepet, blir denne tydinga tydelegare: Tekst kjem nemleg av det latinske ordet textum, som betyr ”samanvevd” eller ”samanfletta”. I daglegtale bruker vi liknande ord som tekstil og tekstur. Tekstil er eit ord vi bruker om det stoffet kleda våre er laga av, og det er også noko som er samanvevd. I dette tilfellet er det samanvevd av mange trådar, men det er i prinsippet det same: Det viser til ein heilskap som er samanvevd av mindre bitar eller trådar.

Samansette tekstar

Sidan vi i daglegtalen som oftast bruker omgrepet tekst om skriftlege tekstar, vil vi her understreke at vi snakkar om eit utvida tekstomgrep. Det omfattar både bilete, musikk, lyd, tale med meir, i tillegg til skrift. Ein film, ein samtale og eit bilete kan slik sett godt bli omtala som tekstar. I nokre tilfelle kan vi også seie at klede og arkitektur kan fungere på same måte og har mange av dei same eigenskapane som tekstar.

Ofte ser vi også at ulike teksttypar blir knytt saman. Tenk deg til dømes ein film – han kan innehalde musikk, tale og skrift, i tillegg til bileta som beveger seg over lerretet. Likevel tenkjer vi på film som eitt ”produkt”. Det same gjeld til dømes avisene eller teikneseriane vi les. Vi les dei som ein tekst, men eigentleg er dei sett saman av fleire og ulike teksttypar.

Slike tekstar kallar vi samansette tekstar. Det som kjenneteiknar samansette tekstar, er at dei kombinerer ulike teksttypar. Vi sier at dei speler på ulike modi, dei er multimodale. Dei aller fleste tekstar har fleire modaliteter. Til dømes har lærebøker både skriftlig tekst (ein modus) og bilete (ein annan modus) som speler saman.

Kvifor jobbe med tekst i dette faget?

Tekstar er prega av kulturen dei er skapte i. Vi lærer om kulturar gjennom tekst. Du skal derfor lære nokre grunnleggjande omgrep som kan vere nyttige både når du skal analysere tekstar, og når du sjølv skal produsere dei.

I faget må du rekne med å jobbe med både munnlege og skriftlege tekstar, sjølv om det munnlege truleg vil prege timane.Gjennom diskusjonar, gruppearbeid og presentasjonar vil du både få øving i å snakke om sentrale emne i faget, og trening i å tilpasse ditt eige munnlege språk til ulike tilhøyrargrupper. I tillegg skal du skal lære om ulike teksttypar, kommunikasjonsteoriar og tekstteoriar.

Læringsressursar

Kva er ein tekst?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Saktekstar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Musikkvideo

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter