Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Problemet med Abu og andre stereotypierChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Problemet med Abu og andre stereotypiar

Apu er ein teiknefilmfigur frå den amerikanske TV-serien The Simpsons. Apu snakkar engelsk med indisk aksent, og han var lenge den einaste indaren på amerikansk TV. Han blei framstilt stereotypisk, som ein underdanig og utspekulert indar. Det var støytande for mange.

I dokumentaren Problemet med Apu går komikaren Hari Kondabolu inn på kva han synest er problematisk med karakteren. Kondabolu meiner Apu berre er eitt døme på rasismen som finst i Hollywood, der det er vanleg å drive gjøn med ikkje-kvite.

Oppgåve 1

Sjå dokumentaren: Problemet med Apu

  • Kva innvendingar har Kondabolu og dei han intervjuar mot karakteren Apu? Lag ei liste.
  • Diskuter med ein medelev: Er de samde med alle innvendingane som kjem fram i dokumentaren? Grunngje svaret.
  • The Simpsons har fleire stereotype karakterar i serien. Kvifor trur de at akkurat denne karakteren fekk så sterke reaksjonar mot seg?

Oppgåve 2

Sjå klippet frå Team Antonsen: Ekstra Joker Nord

  • Kva for karaktertrekk får nordlendingen her?
  • Diskuter med ein medelev: På kva måte blir stereotypiar brukte til å skape humor i denne sketsjen?
  • Kva andre stereotype karakterar på TV eller film kjenner du til?

Oppgåve 3

Sjå denne episoden av NRK-serien Parterapi: Sesong 2, episode 1 og vel deg ut eitt par som du studerer nærmare. Svar skriftleg på spørsmåla:

  • Kva bilete gir episoden av dette paret?
  • Kva er stereotypiane her?
  • Kvifor ler vi av dette?

Oppgåve 4

Skriv ein tekst der du drøftar spørsmålet "Er det noko vi ikkje bør vitse om?"

  • Hugs å ta med fagleg grunngjevne argument for og imot, bruk fagomgrepa og avslutt teksten med din eigen konklusjon.

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale