Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Stereotypier og humorChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stereotypiar og humor

Kva ler du av? Det finst mange former for humor, og ikkje alle ler av det same. Men det er også universelle verkemiddel i humor. Eitt verkemiddel er å lage stereotype framstillingar av andre folkegrupper og kulturar.

Harald Eia og Atle Antonsen frå førestellinga Team Antonsen Live frå 2004. Foto.
Harald Eia og Atle Antonsen i Team Antonsen Live. Atle Antonsen speler figuren «Same som snakkar først høgt, så lågt, i ei sånn kurve».

Før du les vidare: Kan du definere omgrepet stereotypi? Les fagartikkelen om stereotypiar.

Litt om kva vi ler av

Du har sikkert opplevd å le av noko andre ikkje tykkjer er morosamt i det heile teke. Humor er i stor grad kulturbestemt. Dei som høyrer til ein kultur, har like referanserammer og kjenner dei kulturelle kodane, vil gjerne le av det same. Dei som ikkje høyrer til kulturen, forstår ikkje alltid kva som er morosamt. Kanskje har du og venene dine noko de kallar "intern humor", der de ler av noko som gjerne er knytt til ei felles oppleving eller erfaring? Slik humor bind dykk saman, men den skaper også distanse til dei andre som ikkje har dei same referanserammene.

Vi ler altså ikkje alltid av det same. Likevel er det ein del humoristiske verkemiddel som dei fleste ler av, som at nokon snakkar eller beveger seg rart. Aller best liker vi å le av dei som er annleis enn oss.

Om humor og verkemiddel på fjernsyn i faget Medie- og informasjonskunnskap.

Humor kan skape avstand

Humor kan vere med på å halde ved like skiljet mellom "vi" og "dei andre". Stereotype framstillingar kan forsterke fordommar vi har om ei folkegruppe eller kultur. Vi ler gjerne av folk frå ein annan landsdel, ei minoritetsgruppe eller folk frå andre land. Dei andre blir gjerne framstilte som enklare og dummare enn oss, og måten dei snakkar på, utsjånad og oppførsel, blir karikert. Eigenskapar som blir overdrivne og manglande nyansar skaper humoren. Samtidig er det krevjande å balansere mellom humor og det å fremje negative stereotypiar som kan støyte.

Tenk over: Er det noko eller nokon du ikkje synest vi bør vitse om?

Norske stereotypiar

Journalist Hanne Bernhardsen Nordvåg skriv om fordommane ho møter som nordlending i kronikken "Fordømte nordlendinger. Og søringer. Og bergensere". Ho fortel korleis humorgruppa Team Antonsen gjorde suksess med Ekstra Joker Nord og «Kaaaaaaari Bræmnæsssss», korleis det førte til at mange parodierte dialekten hennar. Ho føyste det bort i starten og tenkte at folk ikkje meinte det vondt, men stiller i kronikken spørsmålsteikn ved fordommane og kva slags bilete folk flest har av nordlendingar.

Sjå klippet frå Team Antonsen: Ekstra Joker Nord

Bernhardsen Nordvåg skriv også at ho kjenner seg att i mange av fordommane ho møter. Hun meiner det er ei kjerne av sannheit i korleis nordlendingar blir framstilte. Her er ho inne på noko sentralt når det gjeld stereotypiar og humor: For at det skal vere morosamt, må folk kjenne igjen noko i framstillinga.

Les heile kronikken på NRK.no: "Fordømte nordlendinger. Og søringer. Og bergensere".

Tenk over: Korleis blir stereotypiar om nordmenn brukt som humor i norske reklamar? Kvar kjem personen i reklamen frå, og korleis blir han eller ho framstilt?

Når passar det å vitse med stereotypiar?

Humor er situasjonsavhengig. Journalist Geir Ramnefjell skriv i kommentaren "Humor og rasisme" om korleis noko som er passande å seie blant vener, ikkje er like akseptabelt å seie i det offentlege rom:

"Humor kan være upassende. Men humor er også ofte en ganske fin og ufarlig måte å lufte sine egne fordommer på. I en sosial sammenheng på jobben, med naboer. Humor kan være litt råere med folk du kjenner litt fra før, og da blir du gjerne enda bedre kjent etterpå.

For komikere er det å beherske temaer som rasisme og stereotypier et adelsmerke. Fordi det er farlig. Det er alltid mer spektakulært å leke med ilden."

Ramnefjell meiner det er viktig å snakke og fleipe om stereotypiar og diskriminering, men at det er nokre fallgruver. Det er viktig å vite når du kan spøke om noko og når det ikkje er passande.

Heile kommentaren "Humor og rasisme" i Dagbladet.

Problemet med Apu

Portrett av den indiske butikkeigaren Apu, som er ein figur i TV-serien The Simpsons. Illustrasjon.
Karakteren Apu frå TV-serien The Simpsons blei skulda for å underbyggje negative fordommar om indarar i USA. No er den indiske butikkeigaren ute av den populære serien.

Fleire humorseriar speler på stereotypiar for å skape humor. Ikkje minst gjeld det den amerikanske serien The Simpsons, som karikerer ei rekkje mennesketypar og folk med ulik etnisk bakgrunn. Ikkje alle set pris på korleis det blir gjort.

Komikaren Hari Kondabolu elskar The Simpsons, men han hatar den indiske kjøpmannen i serien, Apu. I dokumentaren Problemet med Apu går Kondabolu inn på kva han synest er problematisk med denne karakteren, og han undersøkjer kva slags rolle Apu har spelt for sør-asiatar i USA.

Apu er ein teiknefilmfigur som snakkar engelsk med indisk aksent. Han var lenge den einaste indaren på amerikansk TV, og han blei stereotypien som skildra indarar som underdanige og utspekulerte. Det var støytande for mange. I dokumentaren møter vi fleire sør-asiatar som har opplevd å bli mobba med fraser og uttrykk frå serien, også dokumentarskaparen sjølv. Kondabolu meiner Apu berre er eitt eksempel på rasismen som finst i Hollywood, der det er vanleg å drive gjøn med ikkje-kvite.

Kan humor vere rasistisk? Sjå dokumentaren Problemet med Apu og diskuter.

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale