Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stereotypiar

Vi bruker stadig lettvinne utsegn om andre menneske. Vi høyrer at nordmenn er kalde, danskar er joviale og politikarar er løgnarar. Kvar kjem desse forenkla beskrivingane frå?

Illustrasjon av en hånd som putter mennesker i bås.

Å putte folk i bås

Slike utsegn kallar vi stereotypiar. Stereotypiar er kategoriseringar av menneske eller grupper av menneske som har enkelte fellestrekk. Nokre gonger bruker vi sterotypiar utan å tenkje oss om, andre gonger gjer vi det medvite. Her ser vi eit døme på korleis stereotypiane blir brukte humoristisk:

Himmelen er der politiet er britiske, kjøkkensjefane franske, elskarane italienske, mekanikarane tyske, og alt er organisert av sveitsarar.

Helvete er der politiet er tyske, kjøkkensjefane britiske, elskarane sveitsarar, mekanikarane franske, og alt er organisert av italienarane.

I desse utsegnene har grupper av menneske fått visse karakteristikkar – dei er «putta i bås». Det er kanskje noko sant i utsegnene, for vi kjenner att noko og synest det er litt morosamt. Men det er slett ikkje sikkert utsegnene stemmer når vi møter enkeltmenneske. Sannsynlegvis gjer dei ikkje det.

Opphavet til omgrepet

Opphaveleg blei ordet «stereotyp» brukt om blytypar i eit trykkeri. Slike typar var sjablongar som blei brukte om att og om att. Slik er det også med kategorisering av menneske. Når ein karakteristikk blir gjenteken lenge nok, får han ein viss grad av autoritet. Vi kan tenkje ytringa er sann, sjølv om ho kanskje ikkje er det, eller ho berre inneheld ein snev av sanning.

Bilete vi lagar i hovudet

Den amerikanske journalisten Walter Lippmann som introduserte omgrepet i samfunnsvitskapane, kallar stereotypiar for «bilete i hovuda våre». Hans hovudtese er at vi oftast får oppfatningane våre om andre folk gjennom andre kjelder enn direkte erfaring. Du blir til dømes gjerne påverka av korleis ulike medium framstiller ein kultur. «Det er ikkje det at eg har møtt ein muslimsk terrorist, men eg har lese at …»

Stereotypiar har lett for å setje seg fast og bli oppfatta som sanne og uforanderlege, og dermed har dei ein tendens til å bli sjølvoppfyllande profetiar. Dersom vi høyrer omtalar av andre menneske gjentekne fleire gonger, har vi lett for å tru at det er riktig.

Stereotypiane er motstandsdyktige

Stereotype oppfatningar blir sjeldan endra, sjølv om vi møter folk frå den karakteriserte gruppa. Ofte observerer vi det vi er førehandsprogrammerte til å sjå, mens vi gjerne overser andre trekk som kanskje ikkje underbyggjer stereotypien. Vi leiter altså etter å finne noko som bekreftar det biletet vi har i hovudet av dei vi møter. Derfor er stereotypiane som oftast motstandsdyktige mot forandringar. Samtidig ligg det i definisjonen av omgrepet at stereotypiar kan endre seg over tid. Det er noko av det som skil stereotypiar frå fordommar.

Ikkje berre negativt eller feil

Stereotypiar blir gjerne oppfatta som negative. Men for å meistre ei kompleks verd treng vi og bruker vi stereotypiar. Kommunikasjonsforskaren Richard Brislin har peika på at stereotypiar faktisk «er absolutt nødvendige for tenking og kommunikasjon [...] eit faktum som må forståast i all analyse av interaksjon mellom individ med ulik bakgrunn.»[1]

Vi kategoriserer alt mogleg omkring oss: møblar, bilar, hus, planter og dyr. Også menneske blir sorterte i kategoriar. Det forenklar kvardagen. Stereotypiar kan altså både vere skadelege og nyttige – alt etter korleis vi bruker dei. I staden for å forkaste stereotypiar under eitt, og tru at vi kan klare oss utan, er det betre å analysere dei litt grundigare og finne ut korleis vi kan få eit medvite forhold til dei. Til dømes kan det vere viktig å endre stereotypiane våre når vi får meir innsikt i den gruppa vi kategoriserer.

Nyttige stereotypiar

Kategoriseringar av sosiale grupper er ikkje nødvendigvis meir unøyaktige, meir fordomsfulle, eller logisk sett meir feil enn andre typar av kategoriseringar som vi bruker dagleg. På matbutikken går vi ut frå stereotypien: «Kassadamer er ærlege», sjølv om det kanskje ikkje alltid er slik. Men det forenklar kvardagen. Vi skal sjå på to døme som illustrerer dette:

Stereotypiar om sjukepleiarar kan til dømes gjere det lettare for ein pasient å møte mange sjukepleiarar i løpet av eit sjukehusopphald, og samtidig bevare tilliten til at sjukepleiaren gir den hjelpa pasienten treng. På den andre sida kan stereotype oppfatningar av pasientar, eller spesielle pasientgrupper, gjere det lettare for sjukepleiaren å møte stadig nye personar.

Stereotypien om at «muslimar et ikkje svinekjøtt og drikk ikkje alkohol», kan vere nyttig når du skal til eit arabisk land og skal ha med deg ei gåve til den nye forretningskontakten, Mr. Ahmed. Stereotypiane hjelper deg til å unngå dumme tabbar. Basert på stereotypien vil di «første beste gissing» gå ut på at du ikkje bør gi han ei skinke eller ei flaske whisky. På den andre sida kan det hende at du, når du har blitt kjend med Ahmed, veit at han set pris på ei flaske whisky slik i det stille. Då handlar du ikkje lenger etter stereotypiane dine: Ahmed har blitt eit enkeltmenneske.

Det viktigaste her er at du er klar over stereotypiane, og at du er villig til å utfordre det biletet du har i hovudet i møtet med ein ukjend kultur.

  1. 1«Cross-cultural encounters: face-to-face interaction». Brislin, Richard W. Pergamon Press. 1981.

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale