Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Etnosentrisme og kulturrelativismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etnosentrisme og kulturrelativisme

Haldningane våre og synet vårt på kultur vil ofte prege korleis vi møter og framstiller andre kulturar. Her skal vi sjå på to motsetnader: etnosentrisme og kulturrelativisme.

Filmplakat av The Barbarian and the Geisha, fra 1958.
Kva haldningar til kultur finn du på denne plakaten?

Etnosentrisme

Når ein bruker verdiane og levemåtane i sin eigen kultur som målestokk når ein vurderer andre kulturar, har du ein etnosentrisk haldning til kultur.

Ordet etnosentrisme er sett saman av det greske ordet ethnos «folk» og det latinske centrum «midtpunkt». Det er ei alminneleg oppfatning i dei fleste kulturar at eigen kultur er den beste, den mest avanserte, den naturlegaste og riktigaste.

Nordmenn tenkjer gjerne at norske verdiar og normer er dei beste. Det som er gale med andre, er at dei ikkje er norske. Dette er ikkje berre typisk for nordmenn. Vi kan finne etnosentriske oppfatningar i dei fleste kulturar.

Eksempel på etnosentriske haldningar

Kinesarane kallar sitt eige land for «Midtens rike», og dei karakteriserer andre folkeslag som barbarar. Den kinesiske vismannen Meng-tzu (latin: Mencius), (372–289 f.Kr.) uttalte: «Eg har høyrt at ein har lært barbarane kinesisk kultur. Men eg har aldri høyrt at ein har lært kultur av barbarane.»[1]

Den kinesiske kjensla overfor framande av at dei er kulturelt overlegne er, som vi forstår, svært gammal. Men også andre folkegrupper har denne etnosentriske oppfatninga. Den nemninga mange folk har på si eiga gruppe betyr for eksempel rett og slett «menneske» eller «menneske»/«folk». Slik er det til dømes med bantu i Afrika og inuit (eskimoane) på Grønland.

Ein nordamerikanar som vurderer intelligensen til andre menneske etter kor dyktige dei er i engelsk, eller eit land etter kor lett det er å få tak i hamburgarar, vil vere eit eksempel på denne typen etnosentrisme. Andre menneske sine skikkar og verdiar blir vurderte etter kor mykje dei liknar på eigne skikkar og verdiar.

Kulturrelativisme

Det motsette av ei etnosentrisk haldning vil vere ei kulturrelativistisk haldning. Ein kulturrelativist vil sjå på alt som relativt, det vil seie ikkje allmenngyldig. I forhold til det framande vil kulturrelativisten seie at ein ikkje kan gjere bruk av nokon «objektiv» standard eller målestokk.

Kulturrelativisten vil seie at alle utsegner, handlingar og fenomen må forståast i forhold til sin eigen kontekst og samanheng. Ei slik haldning inneber at vi må gjere det vi kan for å trengje bakanfor dei ytre skilnadene for å forstå.

Sosialantropologen Clifford Geertz seier at ein fortolkande antropologi må øve seg i å sjå dei framande frå «the actor’s point of view»[2] Å setje seg i den andre sin stad, for «å sjå tinga innanfrå», kan vere nødvendig reint metodisk både i interkulturell kommunikasjon og i antropologisk forsking.

Kan vi forstå for mykje?

Ei gjennomførd kulturrelativistisk haldning brukt som moralsk rettesnor kan likevel føre til liberalisme eller likesæle som gjer det umogleg å rangere kulturfenomen etter kvalitet, moral eller utviklingsnivå. Alle fenomen fortonar seg ut frå eit slikt syn som like bra eller like dårlege.

Etter ei rein kulturrelativistisk oppfatning vil for eksempel enkjebrenning (no forbode, men likevel praktisert somme stader i India), kvinneleg omskjering (som er svært utbreidd i Sahel-beltet i Afrika, frå Senegal til Etiopia) og provosert abort (som blir praktisert i vårt eige land) kunne forsvarast som moralsk riktig dersom handlemåtane var meiningsfylte (fornuftige eller rimelege) for dei som utførde dei.

Eldre indisk trykk av enkebrenning
Eldre indisk trykk av enkjebrenning

Begge ytterpunkt er problematiske

Det vi har beskrive her er ytterpunkt på ein skala.Verken ei fullstendig etnosentrisk eller ei fullstendig kulturrelativistisk haldning er mogeleg eller ønskjeleg i praksis. Ein som ser alt ut frå sin eigen kulturelle ståstad, vil berre sjå forvrengde spegelbilete av seg sjølv, og vil neppe bli i stand til å sjå og forstå at andre menneske kan oppfatte verda heilt annleis enn personen sjølv gjer. Han eller ho vil ikkje ha evna til empati – innleving i den andre sin situasjon og verdsbilete.

På den andre sida vil ein som forfektar eit gjennomført kulturrelativistisk syn bli ute av stand til å ta moralsk stilling til noko som helst. Innanfor ei slik forståing finst ikkje noko som er rett eller gale, det finst ikkje noko normativt. Ein blir moralske amøbar utan etisk ryggrad.

  1. 1«Alt innenfor de fire hav - streiftog i kinesisk historie og kultur». Henry Henne. Universitetsforlaget. 1978.
  2. 2«The interpretation of cultures: selected essays». Geertz, Clifford. Basic Books. 1973.

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale