Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Stone of DestinyChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spillefilm

Stone of Destiny

Stone of Destiny fortel den sanne historia om den dedikerte Ian Hamilton og studentvenene hans som prøver å gjennomføre det perfekte kuppet – som ei gåve til det skotske folket. Og gåva? Å frakte ein 400 kilo tung stein over grensa til Skottland.

Filmdetaljar

År: 2008

Opphav: Canada, Storbritannia

Sjanger: Drama, komedie

Regi: Charles Martin Smith

Manus: Charles Martin Smith

Foto: Glen Winter

Forfattar: Ian Hamilton

Skodespelarar: Charlie Cox, Kate Mara, Robert Carlyle, Billy Boyd, Stephen McCole, Ciaron Kelly, Peter Mullan

Om filmen

Julaftan 1950. Nasjonalisten Ian Hamilton og venene hans prøver å stele tilbake sjølve symbolet på skotsk fridom og uavhengigheit gjennom fleire århundre, the Stone of Destiny (også kalla the Stone of Scone). Denne tunge steinen blei opphaveleg brukt i samband med kroning av monarkane i Skottland. I 1296 blei steinen teken frå skottane og lagt til Westminster Abbey i England for kroning av dei engelske, og seinare også dei britiske, monarkane. Skottane har likevel aldri gløymt at steinen blei teken frå dei. Etter kvart som misnøya med det engelske styret auka blant befolkninga i nord, blei the Stone of Destiny eit viktig symbol for skottane sin kamp for sjølvstende.

I reine Olsenbanden-stil prøver Hamilton og gjengen hans under iskalde omstende å lure britiske myndigheiter for å få steinen attende til heimlandet, Skottland. Det skal vise seg å vere vanskelegare enn dei hadde trudd.

Filmen om nasjonalisten Ian Hamilton er basert på hans eigne memoarer, og den verkelege Hamilton har også ei lita rolle i filmen. Han spelar den gretne, gamle mannen som passerer to av studentane på parkeringsplassen omtrent 36 minuttar ut i filmen. Sjølv om nokre av scenane er lagde til for å få ein dramatisk effekt, skal det meste i filmen ha skjedd i verkelegheita.

Nasjonalisme

Det er ingen løyndom at forholdet mellom England og Skottland har vore betent gjennom mange år. Kampen for skotsk sjølvstende har stått, og står framleis, sterkt i Skottland. Likevel valde fleirtalet i Skottland å framleis bli i Storbritannia i ei nasjonal folkerøysting i 2014.

Berre to år etter, i 2016, vel Storbritannia å forlate EU i ei ny folkerøysting, populært kalla Brexit. Dette har på ny sett fart på krava om skotsk sjølvstende. Befolkninga i Skottland røysta nemleg i Brexit eit klart og tydeleg ja til å framleis bli i den europeiske unionen (62 prosent), og mange skottar kjenner seg dermed pressa av storebror England til å forlate ein union som fleirtalet ønskjer å vere i.

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale