Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Money Back, PleaseChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Money Back, Please

Money Back, Please er ein film som testar sjåarane sine fordommar. Vi blir vitne til ei realistisk scene der ei lita jente blir teken for nasking på eit kjøpesenter. Etter kvart som dramaet spelar seg ut, kjem ei anna verkelegheit til syne.

Filmdetaljar

År: 2013

Opphav: Noreg

Regi: Even Hafnor

Produsent: Stine Blichfeldt

Manus: Trond Artnzen

Foto: Cecilie Semec

Klipp: Even Hafnor

Produksjonsselskap: De Jentene Der

Handling

Vi ser ei lita jente inne på eit kjøpesenter. Ho går omkring, tilsynelatande utan mål og meining. Plutseleg ser vi henne med ei lue på hovudet, alarmen går og ein vektar løper etter henne. Har ho stole lua?

Vektaren prøver å snakke med jenta både på norsk og engelsk, men det er vanskeleg å kommunisere. Jenta blir redd når fleire vaksne kjem til for å prøve å ta lua frå henne. Ho hyler, slår og løper under eit bord. Mora til jenta, som er ein av tiggarane i byen, dukkar også opp.

Det viser seg at lua ikkje er stolen. Det er ein butikkmedarbeidar som sjølv har kjøpt den til jenta, sidan det er så kaldt ute. Kva skjer når mora til jenta vil byte tilbake lua og få pengar tilbake frå butikken?

Om regissøren

Even Hafnor (født 1985) er utdanna regissør frå SAE-instituttet i Byron Bay i Australia. Han har tidlegare skrive og regissert kortfilmane Small talk (2015), Til evig tid (2013), Money Back, Please (2013) og Det norske språk som var opningsfilm på Kortfilm­festivalen i 2012. Hafnor vann i 2015 Gullstolen for beste norske kortfilm med filmen Small Talk i konkurranseprogrammet på Kortfilmfestivalen i Grimstad, der han har skrive manus, og deler regi med Lisa Brooke Hansen.

Money Back, Please har vunne ei rekkje prisar, blant anna juryprisen i Bergen internasjonale Filmfestival (2013).

Grunngjevinga til juryen:

“Prisen går til ein oppsiktsvekkjande god film, som handlar om sosiale reglar og grenser. Gjennom presis og effektiv historieforteljing, vert vi konfronterte med våre eigne fordommar og reaksjonsmønster. Solide skodespelarprestasjonar og eit observerende foto tvingar publikum inn i situasjonen. Filmen fungerer på fleire nivå, og er både morosam, sår og flau, og seier noko allmenngyldig om frykta for å stå igjen sosialt avkledd. Regissøren meistrar den krevjande forma svært godt, med overraskande vendingar og smarte detaljar i historieforteljinga.”

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale