Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Kva verkar inn på kulturforståinga vår?ChevronRight
  5. Oppgåver til «Farukhs mynt»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til «Farukhs mynt»

"Farukhs mynt" er ein norsk novellefilm. Her finn du oppgåver om kulturmøter, stereotypar og verdssyn, og oppgåver knytt til forteljeteknikkar i filmen. Sjå filmen (20 min) før du startar med oppgåvene.

Oppgåve 1

Kaste mynt og kron

Ved kva høve kastar du mynt (engelsk: tails) og kron (engelsk: head)? I oppslagsverk vil du finne forklaringar på skikken med å kaste mynt og kron som ein måte å avgjere eit vanskeleg val på. Som eksempel på høve der metoden blir brukt, blir det referert til det å avgjere kva lag som skal ta avspark i ein fotballkamp, eller kva lag som skal få velje side. Historisk blei det tilfeldige resultatet til myntkastinga tolka som eit uttrykk for skjebnen, eller ein guddommeleg vilje.

Asylsøkjar og turist

  • Kva tenkjer du på når du høyrer ordet asylsøkjar?
  • Korleis er det forskjellig frå korleis du tenkjer på ordet turist?
  • Tenkjer du i stereotypar?

Oppgåve 2

Kva seier filmen om kulturmøter?

  • Beskriv kulturmøtet mellom Farukh/Hassan på den eine sida og Jorunn på den andre.
  • Farukh og Hassan er det som sosiologen Zygmunt Bauman kallar vagabondar, til forskjell frå turistar. På kva måte er Farukh og Hassan representantar for vagabondane?
  • Korleis blir vagabond- og turistrollene aktualiserte i filmen?
  • Beskriv Farukhs verdsbilde, slik det kjem til uttrykk i filmen. Korleis heng dette saman med kulturfilteret hans?
  • Farukh bruker uttrykket "In sha'Allah". Finn ut tydinga. Korleis heng dette saman med skjebnetrua hans?

Oppgåve 3

Sjå nærare på:

Miljøet

Filmen er spelt inn i Aurland og Geiranger. Dette er destinasjonar turistar i tusental besøkjer kvar sommar, og som vi elskar å vise fram i turistbrosjyrane våre. Mange tenkjer på fjord og fjell som "typisk" norsk.

  • Korleis verkar desse naturskjønne "kulissane" inn i filmen?
  • Kvifor trur du regissøren har valt å leggje handlinga hit?

Personane

  • Samsvarar Farukh og Hassan med førestillinga du hadde om asylsøkjarar?
  • På kva måte stemmer dei med stereotypane?
  • Farukh opnar ikkje konvolutten. Kvifor ikkje? Forklar.
  • Beskriv forholdet mellom Farukhs og Hassan. Forsøk å bruke omgrep du har lært i kommunikasjon og kultur.
  • Jorunn er den einaste personen vi møter frå vertskulturen. På kva måte representerer ho "det norske"?

Musikk

Filmen har fått musikalsk følgje med lydspor med desse titlane: "The Letter", "The Forest", "Time, Hope, Faith", "The Decision" og "The Letter II".

  • Korleis bidreg musikken til stemninga i filmen?
  • Korleis byggjer han opp rundt temaet?

Oppgåve 4

Vurder novelleforma

  • På kva måte oppfyller denne filmen dei vanlegaste kjenneteikna på ei novelle?
  • Beskriv anslaget i filmen. Kva blir presentert her?
  • Kva symbolikk ligg det i den andre opningsscena, der Hassan er i flaggstanga?
  • Puslespelet er eit anna eksempel på symbol- og metaforbruk i filmen. På kva måte?
  • Finn du nokre frampeik?
  • Kva vil du seie er vendepunktet?
  • Kommenter sluttscena. På kva måte bidreg novelleforma til korleis vi forstår temaet?
  • Kva får vi "ekstra" ved at dette er ein film, og ikkje ei klassisk novelle?

Læringsressursar

Kva verkar inn på kulturforståinga vår?

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale