Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Normativ kulturforståing

Når vi møter ulike kulturuttrykk, som til dømes klede, musikk eller litteratur, vil vi nesten alltid vurdere det vi ser og høyrer som fint eller stygt, rart eller spennande, bra eller dårleg. Det er også sannsynleg at vi vil ha ulike oppfatningar av dette.

Gatemusikant spiller på en saksofon. Foto.
Kvifor vurderer vi nokre former for kulturuttrykk som betre enn andre?

Ei norm er ein regel som seier noko om kva vi forventar av individa i ein fellesskap. Kjelde: SNL.no

Ei normativ kulturforståing tek utgangspunkt i at det eksisterer ein felles målestokk for til dømes kunstnerisk kvalitet og menneskeleg vekst. For å kunne vurdere om noko er god eller dårleg kultur, finkultur og ukultur, må vi ha felles normer. Er det mogleg å bli samde om kva som er bra eller dårleg kultur?

Rett eller gale? Godt eller dårleg?

Vi har sett at ikkje alle kulturar er like. Dei vil variere frå samfunn til samfunn. Det som kan synast riktig for ei folkegruppe, er kan hende heilt upassande eller gale for ei anna.

Det unike i kvar kultur, er det vi refererer til som normativt for den aktuelle kulturen. Normene kan vere både skrivne og uskrivne reglar for korleis folk skal tenkje og oppføre seg i ein kultur. Aktiviteten eller skikken heng saman med dei aktuelle normene i kulturen. Sjølv om vi skal vere forsiktige med omgrepet «normal», kan vi seie at ein ser på kva som er normalt innanfor kvar kultur. Slik kan andre sin kultur bli vurdert som «unormal».

Vi er farga av vår eigen kultur

Vi bli påverka av våre eigne normer og verdiar når vi møter andre kulturar. Vi seier at vi har eit kulturfilter vi ser på kultur igjennom. Du kan samanlikne det med eit par briller. Desse brillene er det ikkje så enkelt å ta av seg, slik vi kan gjere med eit par solbriller. Den andre kulturen blir målt opp mot vår eigen og vi vurderer den kvalitativt som riktig og god (stemmer med vår eigen kultur), eller gal og dårleg (stemmer ikkje med vår kultur). Du skal lære meir om kulturfilter seinare.

Kven avgjer kva som er norma?

Vi har sett at ei norm vil vere ein verdimålestokk. Normative kulturelle verdiar vil vere haldningar og åtferd som er høgt verdsette og utbreidde innanfor ein kultur.

Tenk over: Kva for haldningar og verdiar er høgt verdsette i Noreg? Diskuter med medelevar og bli einige om minst tre slike verdiar.

Før i tida var det gjerne den kulturelle eliten som sette normene for kva som var bra og «danna». Opera og klassisk musikk var til dømes sett på som finkultur, medan jazz og popmusikk var ukultur.

Moderne medie- og massekommunikasjon har problematisert dette. Dersom vi kallar det som andre likar for ukultur, har vi felt ein dom over dei. Finst det til dømes eit verdimål som er gyldig både for opera og såpeopera? Er det mogleg å finne objektive vurderingskriterium?

Normer og makt

Kva som er bra, dårleg, fint eller ikkje fint, blir gjerne definert av nokon med makt. Historia vår gjennom kolonimakt og posisjon i verdssamfunnet gjorde det mogleg for Europa å setje seg sjølv på toppen som «danna» og «siviliserte», medan ein plasserte andre folkeslag på botnen som «primitive» og «kulturlause». Det betyr ikkje at alle europearar blei sett på som like «danna». Nasjonalstaten Noreg har til dømes tradisjonelt sett ned på samekulturen. Eit viktig verkemiddel for å fornorske samane var å forby samisk i skulen. Forbodet blei fyrst oppheva i 1950-åra.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet