Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Beskrivande kulturforståing

Sjølv om du ser verda gjennom "kulturelle solbriller", som vi kallar kulturfilteret, er det mogleg å prøve å nærme seg andre kulturar og kulturuttrykka deira utan å vurdere desse som "dårlege" eller "fine".

Maleri av Paul Gauguin som viser ulike personer på Tahiti. Foto.
Kvar kjem vi frå? Kven er vi? Kvar går vi? Måleri av Paul Gaugain, 1897.

Ei beskrivande kulturforståing nøyer seg med å beskrive ulike menneskelege aktivitetar eller livsformer. Poenget er at ein ikkje skal felle nokon dom over kulturelle aktivitetar, men beskrive mest mogleg fordomsfritt. Målet er å beskrive ein kultur objektivt.

Den norske antropologen Arne Martin Klausen definerer kultur slik: "[...] ideer, verdier, regler, normer, koder og symboler som et menneske overtar fra den foregående generasjon, og som man forsøker å bringe videre – oftest noe forandret – til den neste generasjon." Kultur er med andre ord "alt vi lærer om rett og galt, stygt og pent, nyttig og unyttig, om daglig atferd og meningen med livet."[1]

Det beskrivande kulturomgrepet

Forskarar som bruker det beskrivande kulturomgrepet er i store trekk samde om følgjande: Kultur kan avgrensast til eit folk eller ei gruppe som har enkelte fellestrekk som byggjer på fortida og endrast langsamt. Ein kan for eksempel tale om norsk kultur, austlandskultur, ungdomskultur eller bedriftskultur. Ein går ut frå at alle i ein kultur deler verdiar, reglar og normer – ein essens, og denne essensen er det mogleg å beskrive objektivt.

Det å beskrive essensen i ein kultur, altså fellestrekka i ein kultur, kan vere nyttig i nokre samanhengar, men problematisk i andre. Er det for eksempel mogleg å seie noko om kva essensen i norsk kultur er? Vil alle nordmenn vere samde om kva det er? Desse problemstillingane skal vi sjå nærare på i det neste emnet, "Essensiell kulturforståing".

  1. 1«Kultur: Mønster og kaos.». Klausen, Arne Martin. 1992.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet