Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturteoriane i praksis

La oss setje det beskrivande og det dynamiske kulturomgrepet opp i ein tabell for å sjå på korleis desse to kulturforståingane skil seg frå kvarandre – og korleis dei kompletterer kvarandre.

Muslimske kvinner med slør foran reklameplakater med lettkledde vestlige modeller. Foto.
For å forstå det fleirkulturelle samfunnet treng vi både det beskrivande og det dynamiske kulturomgrepet.
Alminnelege spørsmålDet beskrivande kulturomgrepetDet dynamiske kulturomgrepet
Kva er kultur?Idéar, verdiar, reglar og normer som eit menneske tek over frå den føregåande generasjonen, og som ein prøver å føre vidare – oftast noko forandra – til den neste generasjonenKunnskap, meining og verdiar, som menneske ustanseleg gjer gjeldande i forhandling med andre innanfor ulike sosiale fellesskap. Ein kan høyre til ulike sosiale fellesskap på samstundes
Kvar finst kultur?Menneske høyrer til ein kultur som kan avgrensastKultur blir skapt mellom menneske i samhandling
Er verdiar dei same for alle i ein kultur?Felles verdiar for alle i gruppaForskjellige verdiar hos forskjellige menneske i gruppa
Kva betyr kultur for oss?Kultur styrer menneskeMenneske forhandlar kultur
Er det kjent kva kulturar betyr?Kva kulturar betyr kan føreseiastKva kulturar betyr kan undersøkjast
Korleis undersøkjer ein kultur?Spørjeundersøkingar er best for å dokumentere korleis menneske handlarFeltarbeid og intervju er best for å dokumentere kva kulturelle kodar menneske gjer gjeldande i eit samspel

Kva betyr desse ulike tilnærmingane til kultur i praksis?

Ein lærar som har elevar med minoritetsbakgrunn i klassen, vil gjerne generalisere ut frå tidlegare erfaring med elevar frå same etniske gruppe. Læraren vil gå ut frå at elev og foreldre deler verdiar med andre foreldre med same etniske bakgrunn, og ventar ein liknande oppførsel frå nykommarane.

Med ei beskrivande kulturforståing vil læraren leggje same vekt på religion, mat og klesdrakt. Læraren vil grunngje foreldra sine handlingar med at det ligg i kulturen deira. Dersom dei kjem for seint til avtalt møte, vil læraren gå ut frå at det ikkje er fordi dei ikkje nådde bussen, men fordi det ligg til kulturen deira å ha ei anna tidsoppfatning.

Dersom det beskrivande kulturomgrepet blir lagt til grunn, betyr det her:

  • at ein søkjer å finne fellestrekk mellom personar med same kulturelle bakgrunn, at ein generaliserer
  • at ein prøver å forklare personane sine handlingar ut frå kulturen deira

Dersom læraren hadde brukt eit dynamisk kulturomgrep, ville erfaringar med foreldre med annan etnisk bakgrunn vere den same, men læraren ville gjort bruk av erfaringane sine på ein annan måte. Læraren ville passe på å ikkje generalisere og i staden prøvt å finne fram til kvifor foreldra handlar slik som dei gjer i denne spesielle konteksten.

Kva betyr forholda heime, transport, alder, kjønn, talet på søsken, utdanning, arbeid og buforhold? Har handlemåten deira endra seg i møte med andre innvandrarar og i møte med det norske storsamfunnet?

Dersom det dynamiske kulturomgrepet blir lagt til grunn, betyr det her:

  • at kultur blir skapt mellom menneske i samhandling
  • at kultur ikkje gjer alle like
  • at kjønn, alder, utdanning og sjølve situasjonen kan ha større innverknad enn kultur

Tilnærming til fleirkulturelle samfunn

For å forstå det fleirkulturelle samfunnet treng vi både det beskrivande og det dynamiske kulturomgrepet.

På den eine sida kan vi i eitkvart fleirkulturelt samfunn finne menneske som følgjer livsmønster der kulturen endrar seg lite frå år til år. Ein antropolog kan registrere og beskrive skikkar og vanar og påvise stabilitet framfor forandring.

På den andre sida kan ein finne menneske der livsmønsteret er i stor endring, og kanskje til og med i stress, fordi dei blir dregne mellom ulike ideal. Ofte vil barn frå minoritetsfamiliar ha større kontakt med det omkringliggjande samfunnet og medverke til endringar i neste generasjon. Mens kanskje foreldra, og kan hende besteforeldra, var analfabetar, er det heilt sjølvsagt at dei unge bruker mobiltelefonane til tekstmeldingar.

Her vil det dynamiske kulturomgrepet eigne seg betre til forståing av kulturelle endringar. Kulturen blir skapt og endra heile tida. Og det er menneske som skaper og endrar han.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet