Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dynamisk kulturforståing

Vi har sett at det er mogleg å trekkje ut essensen av ein kultur, og at han kan beskrivast. Men korleis kan vi forstå ein kultur som stadig er i endring, og som stadig blir meir mangfaldig?

Familie lager juledekorasjoner. Foto.
Kva for verdiar og tradisjonar vil du ta med deg frå oppveksten din? Trur du at du vil skape nokre nye?

Globaliseringa vi ser i dag har ført til at den beskrivande og essensialistiske kulturforståinga er kome under kritikk, ikkje minst av antropologane sjølve. Dei har sett at desse tilnærmingane ikkje fangar opp at kulturar endrar seg.

Kulturar i endring

I ein artikkel som den norske professoren Thomas Hylland Eriksen ganske treffande kallar «Det tapte kulturelle øyrike», seier han:

"Kultur eller kulturer, om man vil, er ikke udelelige pakker av skikk og bruk som man enten har eller ikke har. Mennesker er kulturelle blandingsprodukter."[1]

I våre dagar er det ikkje mogeleg å avgrense kulturane verken geografisk eller tematisk. Kulturen må forståast mykje meir dynamisk.

"Med en dynamisk kulturforståelse er kultur ikke noe et menneske har, men noe en person gjør gjeldende i det sosiale spillet i forhold til andre mennesker."[2] Kultur er ikkje noko eit folk eig.

Kulturar kan, ifølgje ei dynamisk kulturforståing, ikke beskrivast som «øyar» eller «båsar» som ein kan putte menneske inn i. Kulturar er ikkje uforanderlege einsarta (homogene) einingar som vi kan forklare menneske ut frå.

Jente og gutt som hører på musikk fra samme hodetelefoner. Foto.
Når unge menneske lyttar til kvarandre sin musikk, og diskuterer kva dei likar eller ikkje likar, lastar ned spesielle hits og deler med kvarandre, er dei med på å definere kva som skal vere musikk-kulturen blant ungdom. Dette gjeld ikkje berre musikk-kultur, men motar, trendar, talemåtar, oppførsel. Slik sett er kultur heile tida utsett for «forhandlingar» mellom menneske i samspel.

Fleire definisjonar av eit dynamisk kulturomgrep

Hylland Eriksen har ei dynamisk tilnærming når han definerer omgrepet på følgjande måte:

"Kultur er det omskiftelige meningsfellesskapet som gang på gang etableres og forandres når mennesker gjør noe sammen."[3]

Forskarar som brukar dette dynamiske kulturomgrepet er stort sett samde om følgjande:

Kulturar er ikkje lukka, einsarta (homogene) einingar. Kulturane kan ikkje avgrensast til ein geografisk stad. Kultur er ikkje noko ein har, men noko ein gjer. Kultur er noko som blir skapt mellom menneske når dei kommuniserer med kvarandre. Derfor er han alltid i forandring. Kulturar er arenaer der konkurrerande oppfatningar møtest og stridest. Menneska sine handlingar og oppførsel kan ein ikkje føreseie nøyaktig. Ein må undersøkje konkret kva element menneska gjer gjeldande i ein gitt situasjon.

Forenkla kan ein seie at det dynamiske kulturomgrepet lyder slik:

Kultur er vår stadige nyfortolking av situasjonen i møte med andre. «Eg blir til i møte med deg.»

Individet er påverka av omgivnadane

Kvar dag står vi overfor val. Korleis skal eg kle meg? Kva skal eg ete? Korleis skal eg snakke med vennene mine? Med foreldra mine? Kva er det eg vil leggje vekt på i denne situasjonen?

Elevar som kviskrar. Foto.
Å vere på same alder gjer at ein kan ha mykje felles og noko å dele, men ein kan òg stå utanfor fellesskapet.

Ofte er vala eg tek, påverka av korleis andre i min omgangskrins tolkar situasjonen. Vi er kanskje samde om at alle med norsk pass er norske, men det er mange måtar å vere norsk på. For 40 år sidan var det einaste naturlege at mor var heimeverande og tok seg av barn og husstell, medan far var forsørgjaren. I dag har far rett på pappapermisjon for å kunne ta seg av familien. Mor har også stort sett arbeid utanfor heimen.

I mange norske minoritetsfamiliar er kjønnsrollemønsteret meir slik som det var for 40 år sidan blant dei opphavlege norske, men også dette er i endring i møte med dei norske verdiane og normene. Ungdommane i desse familiane vil gjerne plukke opp verdiar og normer frå både minoritetskulturen og den norske kulturen.

Vi kan samanlikne kultur og språk: Vi har alle individuelle måtar å uttrykkje oss språkleg på, men vi møtest på ein felles arena som medverkar til felles forståing av lydar og kroppsspråk. Samstundes skjer det ei kontinuerleg endring av språklege kodar og uttale.

  1. 1«Små steder - store spørsmål: Innføring i sosialantropologi.». Eriksen, Thomas Hylland. Universitetsforlaget. 1998.
  2. 2«Interkulturel dynamik i kulturmødet: En fænomenologisk, individorienteret analyse og forståelse». Svane, Marita. Aalborg Universitet. 2004.
  3. 3«Små steder - store spørsmål: Innføring i sosialantropologi.». Eriksen, Thomas Hylland. Universitetsforlaget. 1998.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet