Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
  5. Essensialistiske kulturforståingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Essensialistiske kulturforståing

Kva ville du ha sagt om nokon bad deg beskrive kva som er typisk for norsk kultur? Kanskje er ski og bunadar noko av det første du tenker på, sjølv om du verken har bunad eller liker å gå på ski. Kvifor er det slik?

Baby med ski på beina. Foto.
Essensialistisk kulturforståing er ofte knytt til stereotypiar av typen «alle nordmenn er fødde med ski på beina».

Forskarar som har ei normativ tilnærming til kultur, er stort sett einige om at vi kan avgrense kultur til eit folk eller ei gruppe som deler nokre fellestrekk – ein essens. Dette er trekk ved ein kultur som blir endra lite over tid, som verdiar og normer.

I ei essensialistisk tilnærming er kultur altså noko som karakteriserer ei gruppe, ein subkultur, det enkelte samfunnet eller nasjonen. Norsk kultur er ulik dansk og svensk kultur og vesentleg annleis enn japansk kultur.

Subkulturar

Omgrepa delkulturar eller subkulturar (underkulturar) blir brukte om undergrupper av meir omfattande grupper. Eit jentefotballag kan vi sjå på som ein subkultur av skulekulturen, som igjen er ein subkultur av ungdomskulturen. Dersom subkulturen står i motsetning til vertskulturen, blir han kalla ein motkultur.

Menneske som representantar for ein kultur

I Noreg snakkar vi ofte om at vi er blitt eit fleirkulturelt samfunn. Vi tenkjer då på at vi har mange menneske med ulik bakgrunn, språk eller religion innanfor grensene våre. Kvart menneske blir oppfatta som ein representant for ein bestemt kultur ut frå si tilknyting til eit større eller mindre fellesskap. Lat oss illustrere dette med eit døme:

Ahmed er 32 år og fødd i Noreg av pakistanske foreldre. Han er muslim, og busett på Fjell i Drammen. Essensialistar vil då kunne sjå han som pakistanaren Ahmed, eller muslimen Ahmed, ut frå at han har fått overlevert ein tradisjon som er utvikla i fortida og som er blitt tatt med til Noreg; pakistansk kultur og islamsk religion. Sjølv vil kanskje Ahmed sjå seg som ein norsk 32-åring frå Fjell i Drammen.

Når vi definerer ein person ut frå det vi oppfattar som essensen av ein kultur, gjer det at vi mistar nokre av nyansane på individnivå. Dømet med Ahmed viser at det ikkje er uproblematisk å la individ vere representantar for ein kultur.

Det vil ofte også vere stereotypiar knytte til ei essensialistisk kulturforståing, av typen: "Alle nordmenn er fødde med ski på beina." Vi veit jo at ikkje alle nordmenn er like glade i å gå på ski, så kva oppnår vi med å definere alle nordmenn på denne måten? Kan vi trekkje noko ut av ei slik tilsynelatande forenkla beskriving av ein kultur?

Kvifor trekke ut essensen av ein kultur?

Det essensialistiske kulturomgrepet blir brukt som forklaring på at folk handlar som dei gjer. Dersom ein ser på kultur som noko som kan avgrensast til eit folk eller ei gruppe som har enkelte fellestrekk med rot i fortida, vil ein til dømes kunne snakke om norsk kultur, austlandskultur, ungdomskultur eller bedriftskultur. Ein går ut frå at alle i ein kultur deler ein essens – nemleg verdiar, reglar og normer. Innanfor desse gruppene vil du kunne finne nokre felles handlemåtar og ritual.

Kanskje kan vi seie at noko av essensen i norsk kultur er å vere glad i å vere ute i naturen, og at det å gå på ski og ete appelsin i påska er typiske handlingar og ritual i den norske kulturen. Sjølv om dette ikkje gjeld alle nordmenn, seier det likevel noko om sterke verdiar og normer i norsk kultur. Det kan også skilje oss frå andre kulturar.

Tenk over: Kjenner du til andre kulturar som deler akkurat desse verdiane og normene?

Den essensialitiske og beskrivande kulturforståinga har mange likheitstrekk, fordi dei byggjer på ei lik forståing av kultur. Men det er også kulturforståingar som tar omsyn til individuelle skilnadar og at kultur endrar seg. Vi skal sjå nærare på dette i emnet dynamisk kulturforståing.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet