Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KulturteoriChevronRight
  4. Introduksjon til kulturomgrepetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Introduksjon til kulturomgrepet

Ein definisjon av kultur er at det er verdiar, normer og aktivitetar som er felles hos ei gruppe menneske. Det tyder at du høyrer til fleire kulturar, ikkje berre til dømes ein norsk kultur. Kva gruppe høyrer du til, og er det mogleg å skildre desse?

Deathmetalfans viser rockens håndtegn på Roskildefeativalen. Foto.

Ordet kultur byggjer på dei latinske substantiva cultura, som stod for dyrking av jorda, og cultus, som stod for dyrking av gudane. Dei to tydingane finn vi også igjen i den norske bruken av ordet kultur. På den eine sida gir kultur uttrykk for ein menneskeleg aktivitet som inneber ei omarbeiding av naturen og anna råmateriale vi finn rundt oss, på den andre sida er det uttrykk for åndsarbeid – altså arbeid med tankar og idéar.

Vi kan setje opp denne litt forenkla oversikta over korleis ordet «kultur» blir brukt i norsk samanheng i dag. [1]

  • Kultur som åndsliv og produkt av slik aktivitet, både «finkultur» og «ukultur»: litteratur, biletekunst, musikk, teater, fjernsyn og andre skapande aktivitetar (humanvitskap og kunst).
  • Kultur som aktivitetar, det «utvida» kulturomgrepet, som inneber at det er eit kulturelt aspekt ved alle aktivitetar, reiskapar og gjenstandar: idrett, fritidsaktivitetar, undervisning, sosialarbeid, mat, verktøy, klesdrakt [...] (velferdspolitikk og organisasjonsliv).
  • Kultur som arv og minne: tradisjonar, kulturlandskap, kystkultur, kulturgjenstandar [...] Det gamle er berar av identitet: språk, religion, eventyr, segn, vikingskip, stavkyrkjer, karjolar [...] (human- og samfunnsvitskap, folkeminne, museum og kulturvern).
  • Kultur som livsform, som ein særleg måte å leve på eller vere på: steinalderkultur, indianarkultur, japansk kultur, nordlandskultur, forretningskultur, sjukehuskultur, MC-kultur (samfunnsvitskap, sosialantropologi).
  • Kultur som meiningsfellesskap: mønster av meining, kodar, idéar, verdiar, normer, identitet (studiet av kommunikasjon).

Det er ikkje skarpe grenser mellom disse tydingane, og eigentleg er vel alle av interesse i studiet av kommunikasjon. Felles for alle desse tydingane er at kultur er noko menneskeskapt. Kultur inneber ei omarbeiding av natur – ei dyrking.

Vi skal sjå nærare på ulike måtar å forstå og forklare kulturomgrepet på. Dei ulike tilnærmingane har sine fordelar og ulemper.

  1. 1«Medier - kultur og samfunn.». Johansen, Anders.. Fagbokforlaget. 1999.

Læringsressursar

Introduksjon til kulturomgrepet