Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Utforsk kroppsspråkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utforsk kroppsspråk

Oppgåve 1

  • Grei ut om dei fem teiknklassane og kva som karakteriserer kvar av dei.
  • Korleis vil du klassifisere teiknet «kyss» når to personar som er forelska kyssar kvarandre? Er det emblem, illustrator, regulator, kjenslesymptom eller berørar? Kan det vere alle på ein gong?
  • I nokre kulturar, som til dømes i Frankrike, blir kyss brukt ved vanleg helsing. Korleis vil du klassifisere kysset i slike høve? Kva for teiknklasse(-r) vil du rekne helsekysset til?

Oppgåve 2

Korleis kan kroppsspråket kan uttrykkje ulike kjensler som til dømes sinnsstemningar, nærleik, forelsking, sinne og aggresjon i ulike situasjonar?

Drøft korleis de vil tolke situasjonane nedanfor:

  • To personar snakkar høgt og brukar store hand- og armrørsler.
  • Ein kunde på ein restaurant viftar med handa og knipsar.
  • Ein gut sparkar ein annan som ligg nede, samtidig som dei hyler og skrik.
  • Ei eldre kvinne er kledd i heilt svarte klede.
  • Ein ung mann er kledd i heilt svarte klede.
  • Eit barn rekkjer tunge til eit anna barn.
  • To passasjerar på ein buss snakkar ikkje med kvarandre og ser berre rett fram.
  • To passasjerar på ein buss gestikulerer og pratar høgt med kvarandre.
  • Ein vaksen klappar eit barn på hovudet.
  • Ein fotballspelar gjer V-teiknet med fingrane.
  • To fotballspelarar omfamnar kvarandre.
  • To menn på gata omfamnar hverandre.
  • Ein lærar pratar i mobiltelefonen i timen.
  • Ei jente går med djup utringing.
  • Ein gut legg handa på låret til ei jente mens dei er på kino.
  • To menn kysser kvarandre offentleg.
  • Ein gut og ei jente kysser kvarandre i parken.
  • Ein gut og ei jente kysser kvarandre i senga.

Oppgåve 3

  • Korleis kan studium av ikkje-verbal kommunikasjon lære deg korleis du opplever deg sjølv og andre?

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter