Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Utforsk andre ikkje-verbale signalChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utforsk andre ikkje-verbale signal

I ei globalisert verd blir interkulturell komptanse viktigare. I media blir det ofte debattert at nordmenn manglar slik kompetanse. Utforsk kva for ikkje-verbale signal nordmenn gir som ikkje er gangbare i møte med andre kulturar. Korleis bør vi opptre? Kva er etikette og anbefalt omgangsform i ulike kulturar?

Oppgåve 1

Kwintessential er ein britisk nettstad som blei etablert i 2003. Handels- og forretningsverksemd er blitt meir og meir globalisert. Store kontraktar kan strande fordi ein ikkje har tilstrekkeleg innsikt i interkulturell kommunikasjon. Nettstaden tilbyr forretningsfolk hjelp til å unngå dei vanlegaste fellene. Mange av råda dreier seg om ikkje-verbale signal vi gir som ikkje fell i heldig jord i andre kulturar.

Gå inn på nettsida til Kwintessential og scroll ned til den alfabetiske lista over land. Vel deg tre land, frå kvar sin verdsdel.

  • Kva råd blir gitt når det gjeld etikette og omgangsformer, slik som kroppsspråk, klede, bruk av fargar og gåveoverrekkingar?
  • Lag ein tabell, der du samanliknar og samanfattar skikkane for etikette og omgangsformer i dei tre landa.
  • I kva for eit av landa du har valt, trur du norske ungdommar vil møte dei største utfordringane?

Oppgåve 2

Som elev i Kommunikasjon og kultur skal du orientere norske ungdommar som skal reise til det aktuelle landet. Dei vil gjerne vite korleis dei skal førebu seg på utfordringar dei kan komme til å møte når det gjeld reglar for etikette og omgangsformer.

Vel eitt av landa i oversikta til Kwintessential og vel ei av oppgåvene

  • Skriv ein informativ tekst.
  • Lag ein brosjyre med informasjon og bilete, til dømes i Microsoft Publisher

Oppgåve 3

Vel eitt av landa i oversikta til Kwintessential.

Som elev i Kommunikasjon og kultur har du blitt beden om å skrive eit velkomstbrev elevar (ungdommar) frå ein vennskapsskule i landet du har valt. Dette brevet skal bli omsett til språket i landet gjestane kjem frå, og skal hjelpe dei med å finne seg til rette i Noreg.

  • Skriv velkomstbrevet som skal presentere sider ved norske omgangsformer som det kan vere nyttig for gjestane å kjenne til.

Oppgåve 4

"When in Rome, do as the Romans do" er eit uttrykk. Les om opphavet til dette uttrykket When in Rome. Kva seier dette uttrykket? Korleis heng dette saman med stoffet vi har diskutert i ikkje-verbal kommunikasjon?

Oppgåve 5

Sjå videoen om klede og kommunikasjon. Kleda blir tolka som tekstar og ytringar.

  • Vil kleda som blir omtalte i videoen bli oppfatta slik dei blir tolka her av "eksperten" i landa du har teke for deg i oppgåvene over?
Kva fortel kleda?

Oppgåve 6

Ta utgangspunkt i døma på ikkje-verbale signal, og lag rollespel der misforståingar rundt dette fører til kommunikasjonssvikt.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter