Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Andre ikkje-verbale signalChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Andre ikkje-verbale signal

Vi har sett på kva ikkje-verbal kommunikasjon inneber. Her skal vi kort ta for oss signal vi sender ut, slik som utsjånad, klesdrakt, berøring, lukt, smak, bruk av fargar og gåveoverrekking.

Masaikvinner. Foto.

Utsjånad

Ei norsk kvinne som hadde jobba som misjonær i Kamerun, kom tilbake på besøk etter å ha vore i Noreg i fleire år. Det var hyggeleg å treffe gamle venner, men ho blei litt sjokkert då de sa: «Så gammal du har blitt, så feit du har blitt, og så bleik du har blitt!»

Alle karakteristikkane som venene i Kamerun kom med, var meinte som komplimentar. Å vere gammal er teikn på visdom og ære. Å vere tjukk og feit er teikn på velstand. Å vere bleik er teikn på venleik. Det er vanleg at kvinner i Afrika og i Austen prøver å skjerme seg for sola, for eksempel med ein parasoll, for å bevare huda så lys som mogeleg. Å vere bleik er altså eit teikn på venleik.

Meiningane som kan tilskrivast frisyre, skjegg, bruk av kosmetikk og smykke er mange, og svært ofte kulturavhengige. Kva som er akseptabelt og ønskeleg, kan vere gjenstand for diskusjon mellom generasjonane. Slik oppstår det også endringar. Fjernsynsmediet og reklamen har også stor påverknadskraft når det gjeld normer for utsjånad og klesdrakt.

Klesdrakt

Det er vanleg å kle seg etter situasjon og omgivnader. Kjeledressen passar ikkje i kyrkja eller i operaen. Turistar som skal besøkje tempel og heilage stader, må ofte dekkje til hovudet og armar og ta av seg skorne.

Forretningsfolk og offentleg tilsette i utlandet er ofte svært medvitne om korleis dei kler seg. I forretningslivet vil dei ofte helst ha eit formelt og konservativt antrekk. I Noreg varierer kravet til antrekk sterkt etter kva bransje du jobbar i. Enkelte utanlandske selskap held på ein formell kleskode, databransjen er meir uformell, og universitetsfolk og lærarar er ofte svært uformelle.

I forretningslivet i Japan og fleire andre land i Austen er det viktig å ha korrekt antrekk. I Noreg er det ikkje uvanleg å kle seg opp når vi skal i selskap. I USA er det motsett – der er det vanleg å kaste jakka og komme i dongeri og T-skjorte, såkalla casual wear når ein er invitert til selskap om kvelden.

Bruken av religiøse hovudplagg offentleg og på jobb har vore eit diskusjonstema i seinare tid. I Noreg er det mange muslimske jenter som kler seg med hijab – eit sjal som dekkjer håret og nakken. I Israel brukar mennene kippa på hovudet; det er ein liten kalott som blir brukt under bønn. Sikhane i India brukar turban som dekkjer heile håret.

Kva som er tekkeleg og anstendig, kan det vere delte meiningar om. I Saudi-Arabia, og i mange andre muslimske land, skal kvinna vere nesten heilt tildekt når ho viser seg offentleg. På øya Yap i Mikronesia brukte kvinnene fotside bastskjørt mens dei var nakne ovantil. I yapeisk oppfatning var nakne anklar eit teikn på usømd, mens udekte bryst ikkje var det.[1]

I Thailand bør kvinna gå i kjole med ermar, bukser er vanlegvis upassande. I Kina, derimot, er bukser eit vanleg kvinneplagg og har vore det i generasjonar. I Noreg var det vanleg at kvinnene brukte skjørt og kjolar som daglegantrekk til langt ut i 60- og 70-åra. I dag er det nesten sjeldan å sjå det utan ved spesielle høve.

Berøring

Berøring er eit sterkt kommunikativt teikn. Men kva slags berøring som er akseptabelt, kan variere etter tid, stad, situasjon, kjønn, kulturell tradisjon eller innbyrdes relasjonar. Vi har også sett korleis berøring kan tolkast ulikt i kontaktkulturar og ikkje-kontaktkulturar. Ulik forståing av berøring kan vere eit interessant tverrkulturelt studium.

Parfymeflaske. Foto.

Lukt

At lukt kan kommunisere, er også velkjent. Parfyme blir brukt bevisst dei fleste stadene. Men det finst også lukt som kommuniserer utan at avsendaren veit om det. Det blir hevda at kinesarar og japanarar synest at europearar og amerikanarar har dårleg kroppslukt på grunn av det store konsumet dei har av mjølk og kjøttprodukt.

Smak

Tilsvarande som lukt kan også smak vekkje minne som ofte er kultur-relaterte. Med fleire innvandrarrestaurantar har Noreg blitt velsigna med mange fleire tilbod om ulike smaksopplevingar dei seinare åra.

Bruk av fargar

Mens raudt hos oss står for kjærleik, er det hos andre eit uttrykk for sinne. Fleire stader i Afrika bør ein unngå å skrive med raudt blekk.

I vår del av verda er antrekket i gravferder mørk dress. Svart er sørgjefargen. Hos kinesarane er det den kvite fargen som kommuniserer sorg og død. Enkelte blomstrar kan brukast i bryllaup, mens andre blir brukte ved dødsfall. Ein framand kan få heilt feil assosiasjonar når han eller ho opplever fargar og blomstrar gjennom sine eigne kulturelle briller.

Gåveoverrekkingar

Jolegåver. Foto.

Å gi gåver er ei ikkje-verbal kommunikasjonsform som er særs utbreidd. Vi veit av eiga erfaring korleis vi tilpassar gåva til den som skal få henne. Og korleis mottak av gåver kan utløyse gjengave som igjen skal stå i forhold til det som er motteke.

I mange kulturar kan dette vere eit kjenslevart spel. Det kan vere viktig å spørje seg for hos nokon som kjenner dei kulturelle kodane, for å hindre at ein går i baret. Ein bør til dømes ikkje gi ein tollekniv til japanarar. Mens ein nordmann kanskje vil oppfatte ein fin kniv som eit symbol på godt handverk og som ein nyttig reiskap når han er på tur, vil ein japanar kanskje oppleve han som ein drapstrussel.

Enkelte amerikanarar synest det er litt sjenerande å få blomstrar frå nordmenn som kjem på besøk. Blomstrar formidlar for dei noko romantisk. Ei meir høveleg gåve ville vere eit gjestehandklede, ei vinflaske eller ein gjenstand som er typisk for det landet gjesten kjem frå.

  1. 1«Customs and cultures: anthropology for Christian missions». Eugene A. Nida. William Carey Library. 1982.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter