Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Kroppskontakt og helseskikkarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppskontakt og helseskikkar

Dersom du har reist litt rundt i verda, oppdagar du fort at det finst store variasjonar når det gjeld kroppskontakt, særleg mellom kjønna. Det kan også vere forskjellar mellom generasjonane. Kva for menneske gir du ein klem når de møtast?

Ortodoks hilsemåte. Foto.
President George W. Bush kyssar ein religiøs leiar for å vise respekt.

Kontaktkulturar

Vi skil mellom kontaktkulturar der ein klemmer og kysser i tillegg til å handhelse, og ikkje-kontaktkulturar der helsemåten er prega av fysisk avstand.

Typiske kontaktkulturar finn vi i Aust-Europa, Sør-Europa, Midtausten og Latin-Amerika. Ikkje-kontaktkulturar er ifølgje Edward Hall blant anna Skandinavia, Storbritannia, Nord-Amerika og Det fjerne Austen (Kina, Japan, Korea).

Men utviklinga i vårt eige land har vist at slike kategoriar ikkje er absolutte. Det er blitt meir og meir vanleg at vi gir kvarandre ein klem når vi helsar på gamle kjende. Men dersom vi møter ukjende, er det framleis vanleg å handhelse og presentere seg.

Diskuter med ein medelev: Kven klemmer du? Kven klemmer du ikkje? Har det skjedd at du har fått eller gitt ein klem som du opplevde som feil?

Helseskikkar har fleire funksjonar

Frå gammalt av kan helseskikkar vere uttrykk for frimodig framferd. Ei open hand viser at du ikkje ber våpen. Det kan også vere eit teikn på underkasting eller servilitet som indeks-teikn. Det gjeld til dømes det å bukke og neie – jo djupare, desto høflegare.

Kyssing som helseskikk

Russarar er kjende for å kysse og klemme (dette gjeld også mellom menn) på ein måte som er uvand for oss. Også sørover i Europa, som til dømes i Frankrike og Italia, blir kyss og klem brukt i langt større grad enn hos oss.

Hos mange folkeslag i Austen, blant anna i Kina og Japan, høyrer kyss og klem til i den private og intime sfæren. Det er svært uvanleg å sjå at slikt utfalda seg offentleg. Men vestlege media har ført med seg nye impulsar. Det viser seg ved at ein i Japan i dei seinare år har fått eit vestleg lånord: kissu (engelsk: kiss).

Kjønnsforskjellar

Kva som er passande åtferd mellom kjønna avspeglar seg også i helseskikkane. I Midtausten skal ein mann ikkje ta ei kvinne i handa. Men dersom to menn møter kvarandre, er det vanleg å handhelse, og dersom ein kjenner kvarandre godt, trekkjer ein den andre inntil seg slik at ein kan «dele same pust».

I Uganda skal ei kvinne som helsar på ein mann, gå ned i kne. Det gjeld også blant santalar i India. Norske kvinner ville nok reagere på denne måten å vise servilitet på.

Lord Eddard og Lady Catelyn Stark,  fra TV-serien Game og Thrones, viser respekt for King Robert ved å knele. Foto.
Lord Eddard og Lady Catelyn Stark, frå TV-serien Game og Thrones, viser respekt for King Robert ved å knele. Foto.

I mange land i Austen og i Afrika er det svært uvanleg at mann og kvinne kan spasere hand i hand offentleg. Når det likevel skjer, er det gjerne resultat av vestleg påverknad. Blant arabarar og mange afrikanarar er det derimot ikkje uvanleg for to menn å leie kvarandre i handa. Det er eit uttrykk for vennskap og har ingenting med homoseksualitet å gjere, som mange frå Vesten er tilbøyelege til å tru.

Kor mykje kontakt er akseptert?

Folk frå Midtausten, Afrika og Latin-Amerika brukar å handhelse og har ofte kroppskontakt. Ein nordmann kan føle ubehag i Sør-Amerika når den andre klemmer og slår han på ryggen, samtidig som han rister handa fleire gonger.

I Asia er kroppskontakt på offentlege stader vanlegvis ikkje akseptert. I India, Thailand og andre land i Søraust-Asia helsar ein ved å setje handflatene mot kvarandre og bøye seg litt framover. Hendene sin posisjon blir bestemt av innbyrdes forhold, det vil seie kven som har høgast rang.

Bukking eller handhelsing?

Kva skal til for at du bukkar? Eit par generasjonar tilbake var det vanleg at gutar bukka og jenter neia når dei helste på vaksne. I Noreg er det ikkje lenger ein vanleg helseskikk, men mange bukkar når dei får applaus etter ei framføring.

I Japan er det vanleg å bukke og bøye kroppen frå midja i grasiøse rørsler. Det uformelle bukket er om lag. 15 grader framover med hendene langs sida. Det formelle bukket er 30 grader med handflatene mot knea. Kor djupt ein bukkar, kor lenge og kor mange gonger, avheng til dømes av innbyrdes rang, overordna, underordna og gruppetilknyting.

To japanske forretningsmenn bukker dypt når de hilser på hverandre. Foto.
Japansk helsemåte

I Thailand er hovudet rekna for å vere heilagt. Berøring av hovudet er derfor tabu, til dømes å klappe eit barn på hovudet. I Kina kan du nikke når du ser ein person for første gong, men handhelsing er også utbreidd.

I Frankrike og Tyskland er handhelsing langt meir utbreidd enn i Noreg. Det er vanleg å handhelse kvar gong ein møtest. Hos nordmenn kan det sjå ut som handhelsing er i ferd med å forsvinne. Det er helst ved meir høgtidelege presentasjonar at vi handhelsar.

Hos arabarar og i mange afrikanske folkegrupper er det tabu å ta på den andre med venstre handa. Det kjem av at den venstre handa er toaletthanda; den blir brukt bak. Høgre handa, derimot, blir brukt til å ete og helse med. Slik har det nok også vore i Europa. Tenk berre på uttrykka for høgre handa på engelsk og fransk the right hand; la main droite, den «rette» handa.

Eigne ritual for ungdom?

I enkelte ungdomskulturar ser ein innvikla helsingsritual som truleg er inspirerte både av filmar, populærmusikk og innvandrarkultur. Tenåringsgutar på Slemdal i Oslo kan helse med give me five-teikn og andre detaljerte handhelsingsritual. Desse er sannsynlegvis påverka av den svarte kulturen i Afrika og Amerika. Slike ritual er «kult» i mange ungdomsmiljø. Dømet viser at kulturmøte gjer det mogleg med utveksling, påverknad og endring.

To gutter som håndhilser. Foto.
Har du og venene dine eigne måtar å helse på kvarandre på?

Korleis unngå å gjere feil?

Det er lett å gjere feil når ein er ute og reiser og møter framande. Det kan vere lurt å observere korleis andre helsar og korleis dei tek på kvarandre eller lèt vere å ta på kvarandre. Samtidig bør du ikkje la deg skremme. Mange utlendingar er kjende med vestleg handhelsing og ventar ikkje annan oppførsel når dei møter oss europearar.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter