Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Bruk av avstand og romChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av avstand og rom

Kor tett kan nokon stå inntil deg utan at du føler det ubehageleg? Det fleste ønsker litt rom rundt seg, men nokon slepp vi nærare enn andre. Kva som er "for tett" er kulturavhengig og situasjonsbestemt.

Sild i tønne. Foto.

Mange meiner at nordmenn omgir seg med ei privat «boble» der vi helst ikkje vil sleppe framande nærare. Men det er avhengig av tid, stad og situasjon. Når det er trangt på bussen, kan vi godta større nærleik enn det som er vanleg elles.

Når det gjeld innbyrdes avstand mellom samtalepartnarar, er det store skilnader til og med innan Europa. I Frankrike står menneska nærmare kvarandre når dei samtalar enn dei gjer i Noreg, Tyskland eller Storbritannia.

I Norden vil vi helst ha «sikker avstand». «Tommelfingerregelen» er at du kan putte tommeltotten inn i øyret på samtalepartnaren. Den avstanden vi har då, opplever vi som ein passande avstand. Dersom nokon kjem nærmare, dreg vi oss uvilkårleg tilbake.

Avstand kan markere sosial status

Bruk av avstand og rom varierer mykje. Alder, kjønn, samtaleemne, formål, sosial status og val av språk betyr ofte mykje for innbyrdes plassering av personane.

Forretningsfolk som møter til forhandlingar, opplever ofte at plasseringa er viktig. I mange land med autoritære tradisjonar er det vanleg at maktpersonen møter den framande sikkert plassert bak eit imponerande skrivebord. I andre land, der ein legg vekt på ein meir uformell stil, møtest ein heller til samtale i ei sitjegruppe. Skrivebordet blir opplevt som ein barriere for personleg kontakt.

Ved diplomatiske forhandlingar er delegasjonane ofte plasserte på kvar si side av eit lengre bord. I japansk forretningskultur synest plassen ved kortsida av eit bord, lengst borte frå døra, å vere den som har høgast status. Kinesarane vil helst sitje ved sida av kvarandre når dei skal ha viktige samtalar. Dei er då gjerne tilbakelente og har armane kvilande på armlena.

Menn hilser på hverandre ved å gni nesene mot hverandre. Foto.
Japans kronprins Naruhito lærer seg å helse på Maorianes vis.

Gjør som dei innfødde!

Det å «snuse kvarandre på kinnet» er sett på som ei vennleg helsing i mange etniske grupper, som for eksempel i Mongolia, på Samoa, i Burma og i enkelte samekulturar. Maori på New-Zealand (og inuitane på Grønland) klemmer nasane mot kvarandre for å helse.

På biletet over ser du korleis den japanske kronprinsen helser som ein maori. Antageleg bryt dette med intimgrensene hans. Når du kjem til ein framad kultur, er det ein god regel å følge med på og gjøre som dei innfødde gjør.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter