Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppsstillingar – positurar

Kroppsstillinga di, eller posituren som vi også kallar det, sender signaler. Viss du ligg over pulten din på skulen, gir det signal til dei rundt deg at du er litt slapp. Korleis kan du bruke positurar til å vise interesse?

Unge slapper av
Kva for signal gir ungdommane på dette biletet?

Positur er måten menneske står på, går på, korleis vi sit, kneler og ligg. Det er også måten vi endrar kroppsrørsle på når vi kommuniserer. Til dømes når ein reiser seg opp frå ein stol, kan det bety: «No passar det å avslutte samtalen».

Kroppen er uhyre fleksibel, og vi brukar han både emblematisk, illustratorisk, regulatorisk, for å uttrykkje kjenslene våre og ved berøring, for å bruke dei nemningane vi har brukt tidlegare. Vi kan her berre ta med nokre eksempel.

Kulturelle forskjellar

Mange afrikanarar reagerer på europearane sin måte å gå på. Europearane viser at dei har det travelt ved at mange går fort og målbevisst. I Afrika er ei roleg framoverskridande rørsle eit teikn på verdig framferd og sinnsro. Mange stader bør ein ikkje gå forbi eldre personar uten å be om lov først, eller med ei handrørsle «be om veg». Hos oss uttrykkjer vi noko av det same ved at det er reglar for kven vi lèt passere gjennom ei dør først.

Å sitje på huk er ei naturleg kvilestilling, men er enkelte stader sett på som uestetisk – kan hende fordi det er stillinga for avføring og vasslating. Vi og amerikanarane kan gjerne slengje oss ned i en stol og krysse beina. Til dels kan vi også strekkje beina ut på kontorpulten, sjølv om det ikkje blir rekna for å vere god skikk.

Å krysse beina eller leggje dei på kontorpulten blir sett på som svært vulgært i Thailand, Kina og Japan. Fotsolen skal ikkje visast til samtalepartnaren. Også arabarane reagerer negativt på ei slik kroppsstilling. Begge føtene skal helst kvile på bakken.

Politiets måte å stå på. Illustrasjon.
Positurane til menneske som vil vise makt er ofte symmetriske.

Positurar som viser sosiale roller

Kva det betyr om du sit eller står på ulikt vis, varierer frå stad til stad. Nokre stader skal ein til dømes sitje når autoritetspersonen talar for å vise respekt. Hos oss er det mest vanleg å reise seg for autoritetane. Afrikanske høvdingar sit gjerne på ein stol, mens undersåttane må vise ei krypande haldning for å vise respekt.

Det finst også rituelle positurar som blir praktiserte under utøving av religion. For eksempel å knele framfor eit alter, eller å bøye seg og nikke med hovudet under bønn som ortodokse jødar ved klagemuren. Ved bønn vil enkelte løfte armane og handflatene opp, andre foldar hendene, nokre kastar seg mot bakken og berører han med panna, som muslimar i bedestilling.

Militære kommandostillingar er ofte symmetriske (bortsett fra handgestar). Asymmetri er eit generelt avslappingsteikn. Sove- og kvilestillingar er vanlegvis asymmetriske.

Er det forskjell på kjønn?

Sitjestillinga kan vere eit kjønnsrollemønster knytt til kultur. Open beinstilling hos kvinner er i mange kulturar utfordrande og kan oppfattast som ein erotisk invitasjon. Det er meir vanleg at kvinner sit med beina saman – anten utstrekte, eller trekte opp til seg. Menn kan derimot ofte innta ei meir open beinstilling.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter