Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. KroppsrørslerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppsrørsler

Fotballdommere verda over har armrørsler som betyr det same for alle spelarane, uansett kor dei kjem frå. Utan felles forståing av desse kunne det blitt kaos på banen. Dette betyr ikkje at alle andre kroppsrørsler betyr det same overalt.

Dommar. Foto.

«Å riste på hovudet» tyder hos oss vanlegvis nei, mens eit nikk blir tolka som ja. I enkelte middelhavsland, som til dømes Bulgaria og delar av Hellas og Tyrkia, betyr hovudristing ja. Eit rykk med hovudet, som vi oppfattar som eit nikk, betyr nei. Tydinga av kroppsrørsler er ikkje internasjonal.

Ein norsk turist i India hadde fått pikkoloen på hotellet til å bere koffertane opp på rommet. Turisten gav han litt tips. Pikkoloen rista på hovudet, og turisten tenkte at han ikkje var fornøgd. Han gav han endå ein mynt. Guten rista framleis på hovudet. No blei turisten usikker på kor mykje som var passande å gi i dette landet, og gav han endå ein mynt. Pikkoloen rista på hovudet igjen. Men no blei turisten ergerleg og sint. Pikkoloen på si side kunne ikkje forstå oppførselen til den framande; han hadde allereie akseptert fleire gonger …

Kroppsrørsler som respons

Når du har halde ein presentasjon foran andre elevar, har du sikkert merka om forsamlinga er med eller om du «snakkar til veggen». Men kva er det som gir oss den kjensla? Tilbakemeldingar i form av rytmiske mikrorørsler og ansiktsuttrykk spelar sannsynlegvis ei stor rolle. Smil og nikk, eller at forsamlinga ler av vitsane dine, fortel deg at dei høyrer på deg.

Du har kanskje lagt merke til at under ein samtale uttrykkjer vi interesse ved å vende oss mot kvarandre. Ofte blir kroppsrørslene ein refleks av den andre sine rørsler. Dersom du lener deg fram og snakkar med stor iver, kan du oppleve at også den andre lener seg fram og ser på deg med stor merksemd og bryt inn i samtalen med innlegga sine.

Kulturelle skilnader

Dette kallast synkronisering – innstilt på same tid. Her er det også kulturelle variantar: Arabarar synest det er upassande å samtale dersom ein ikkje vender seg mot kvarandre. Å samtale under ein spasertur blir derfor ikkje sett på som særleg bra, om då ikkje samtalepartnarane stoppar opp og vender seg mot kvarandre. Kinesarane føretrekkjer ofte at ein sit ved sida av kvarandre i viktige samtalar. Møterommet er ofte møblert slik at dette blir mogleg.

Kjenslesymptom

Mange kroppsrørsler er kjenslesymptom og gir uttrykk for sinnsstemningar. Sorg eller mismot ser ut til å kunne formidlast gjennom færre og meir langsame rørsler med hovud og hender. Mange slike teikn er utanfor bevisst kontroll. Vi bør vere merksame på at dei kan avkodast ulikt i ulike kulturelle samanhengar.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter