Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
  5. Handrørsler – gestarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Handrørsler – gestar

Oppgåve 1

I fagstoffet om kroppsspråk introduserte vi teiknklassene emblem, illustrator, regulator, kjenslesymptom og berøring.

Prøv å klassifisere følgjande gestar og ikkje-verbale uttrykk etter dei fem teiknklassane. Nokre gestar og uttrykk kan klassifiserast i fleire teiknklassar:

  1. Handhelsing.
  2. Riste på hovudet.
  3. V-teiknet som Winston Churchill tok i bruk under krigen som eit tegn for victory – siger.
  4. Skjule ein geisp.
  5. Halde hovudet på skakke.
  6. Tvinne tommeltottar.
  7. Gjere «krossteikn».
  8. Trekkje på skuldrene.
  9. Vise tommelen opp eller ned.
  10. Kniv og gaffel blir lagde parallelt på tallerkenen.
  11. Kniv og gaffel blir lagde i kryss på tallerkenen.
  12. Telje på fingrane
  13. Handa i trakt bak øyret.
  14. Vise handflata opp for å seie «stopp!».
  15. Klø seg i baken.
  16. Ein finger vertikalt over leppene: «Hysj!»
  17. Klø seg i hovudet.
  18. Gnikke tommel og peikefinger for å seie «pengar».
  19. Fingrane i kryss bak ryggen.
  20. Slå i bordet.
  21. Smil.
  22. Kyss.

Oppgåve 2

Gå tilbake til desse gestane, og vurder kva dei kan bety i ulike kulturar.

  • Føreset dei ein mottakar, eller kan dei utførast ubevisst utan at nokon mottakar er til stades?

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter