Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Handrørsler – gestar

«Dersom du bind armane på ein italienar, får han ikkje sagt eit ord!», heiter det. Italienarar er kjende for å bruke armrørsler mens dei snakkar. Fakter og gestar understrekar det som skal seiast.

Kong Harald gjer honnør. Foto.
Nordmenn er litt meir tilbakehaldne med kroppsspråket. Her ser vi kongefamilien på slottsbalkongen 17.mai 2017.

Kulturelle forskjellar

Handrørsler er ofte kulturavhengige, og menneske i andre kulturar kan bruke andre gestar for å uttrykkje tilsvarande bodskap. Å peike på nasen i Japan betyr «Det er meg». Hos oss peikar vi på brystet. På enkelte restaurantar i Afrika og Austen bør ein vere forsiktig med å vinke med fingeren eller knipse etter servitøren. Det blir opplevt som fornærmande.

Når vi skal vinke på nokon, brukar vi fingeren eller handa med handflata opp. Hos mange andre folkeslag i Afrika og Asia blir denne måten sett på som svært upassande og fornærmande. Slikt gjer ein berre overfor dyr, til dømes ein hund. Å vinke på den måten kan oppfattast som «du er ein hund», og hunden er ofte sett på som eit ureint dyr.

Den riktige måten å vinke «kom hit» på er å vinke med handflata ned. Hos oss kan denne gesten oppfattast som «Farvel!» eller «Ha det!».

Dersom vi vinkar med handflata ned, til dømes for å seie «Ha det!», kan vi i Sør-Amerika oppleve at den personen vi vinkar til, kjem nærmare. I dette området – og fleire andre stader i Asia og Afrika – betyr denne gesten «Kom hit!». Hos oss vinkar vi med fingeren mot oss, noko som blir sett på som svært upassande og fornærmande hos mange andre folkeslag. I land som Jugoslavia og Malaysia blir denne rørsla brukt berre overfor dyr. I slike land kan den norske «kom hit»-gesten oppfattast som «Du er ein hund!»

Upassande handrørsler

Mange gestar er fornærmande. Mest kjent er «å vise finger’n», det vil seie vise langfingeren rett opp. Ein forstørra versjon av langfingerrykket er «underarmsrykket». Den høgre armen blir bøygd i albogen, og så slår ein den venstre handa ned i armkroken samtidig som den knytta handa blir rykt oppover. Begge gestane er klare sexsymbol og er svært utbreidde.

Kvinne viser fingeren. Foto.

Andre fornærmande gestar er «å peike nase» eller å setje tomlane inn mot tinningane med dei andre fingrene spreidde ut. Sannsynlegvis etterliknar ein «dumme dyr» med desse gestane. Ein misjonær i Kamerun skulle velsigne kyrkjelyden og heldt hendene opp framfor kyrkjelyden. Dessverre sprikte han med fingrane, og gesten blei oppfatta som ei forbanning!

Illustratorar og emblem

Handrørsler kan klassifiserast etter dei teiknklassane som vi introduserte tidlegare i dette kapitlet. Nokre illustratorar (eller emblem) har ulik tyding i ulike kulturelle omgivnader.

Peikefinger mot tommelfinger betyr hos oss noko slikt som perfekt!, heilmaks!. I USA er dette eit teikn for OK, i Frankrike null (verdilaust), i Japan betyr det pengar, blant arabarar blir teiknet brukt saman med det «å vise tenner» som eit uttrykk for sterk fiendskap, mens latinamerikanarane oppfattar det som eit fornærmande seksuelt symbol.

En undervannsdykker viser at alt er perfekt, OK, med en håndbevegelse. Foto.

Døme

Hos oss betyr peikefinger mot tinningen i ei skrurørsle noko slikt som «Heilt sprø!». I USA er ein slik gest illustratorisk for pistolen og betyr emblematisk «Pass deg!».

Mange kjenslesymptom er også å berøre seg sjølv, som til dømes å vri hendene (å vere i eit vanskeleg dilemma), tvinne tommeltottar (nervøs), skjule ein geisp (søvnig), handgrep om haka (tankefull) eller klø seg i hovudet (usikker).

Desse gestane kan også utførast i einerom utan at ein blir skulda for å «prate med seg sjølv». Dei har altså ein svak kommunikativ funksjon. Men ein skal ikkje vere for trygg: I Japan er gesten «å klø seg i hovudet» uttrykk for sinne. Andre meiner det kan bety lus!

Somme gestar føreset ein mottakar, sjølv om dei også uttrykkjer avsendaren si haldning og sinnsstemning: ein finger over leppene (hysj, ikkje sei noko), handa bak øyret (snakk høgare), handflata over munnen (forsnakking), vaggande peikefinger (åtvaring), slå i bordet (handlekraft), slå nokon på skuldra (vennskap).

Slike gestar blir oftast oppfatta på tvers av kulturelle skiljelinjer, sannsynlegvis fordi dei representerer bilete av vanlege handlingar. Men ein kan aldri vere sikker på konnotasjonane.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter