Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonssteoriChevronRight
  4. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Augene og blikket

Augo er sjelen sin spegel, seiest det. Uttrykket viser kor mykje vi legg i blikket. Ofte bruker vi det til å karakterisere andre menneske. Ein person kan ha eit kjenslevart, pågåande, intelligent, trist, hardt, tillitsfullt eller mistenksamt blikk.

Triste auge. Foto.
Kva les du ut om personen frå dette blikket?

Det er nesten utan grenser kor mange teikn og signal som kan formidlast med augo. Vi kan bruke dei til å oppnå augnekontakt, unngå augnekontakt, sjå ned, «flakke med blikket», stire stivt framfor oss, eller rett og slett late augo att.

Under ein samtale brukar vi blikket som ein samtaleregulator. Når vi møtest ansikt til ansikt, skifter partnarane blikk heile tida. Vi brukar meir augnekontakt overfor ein vi likar, og auka augnekontakt blir oftast møtt med augnekontakt frå den andre.

I gruppesamtalar brukar vi 30 til 50 % av tida til augnekontakt med andre. Det er rekna med at 10 til 30 % av blikka varer ca. eitt sekund. Dersom vi ser på ein person, er det som vi seier på ein ikkje-verbal måte: «Eg er klar til å snakke med deg eller lytte til deg.»

Men det å sjå direkte på ein person kan også tyde det motsatte. "Å blikke" er eit uttrykk som blir brukt om når nokon stirrar og ser direkte på andre utan å smile. Den som sender eit slikt blikk, vil vise at han eller ho ikkje likar personen. Her er signalet at dei ikkje vil ha kontakt.

Kulturelle forskjellar

I mange kulturar blir menneska opplærde til å unngå augnekontakt i møte med eldre menneske, framande eller autoritetspersonar. Det blir oppfatta som teikn på respekt at ein ikkje ser den andre inn i augo. Her kjem nokre eksempel:

Ein afrikanar som møter i ein norsk rett, vil, oftast utan å tenkje over det, unngå dommaren sitt blikk. Dette for å vise respekt overfor ein autoritet. Mange juristar er ikkje klare over at manglande augnekontakt kan vere eit kulturelt trekk og vil tolke det som eit teikn på at den sikta lyg, er feig eller har noko å skjule.[1]

Eit ansikt. Grafitti.
Kva vil det seie å kaste eit blikk?

Japanske barn blir opplærde til å ikkje å sjå folk inn i augo. I staden skal dei rette blikket mot halsen til den andre personen, i høgd med slipsknuten. Som eit resultat av dette vil japanarar og europearar bruke blikkontakten ulikt. Mens ein europeisk forretningsmann gjerne vil sjå japanaren inn i augo, vil japanaren føle det ubehageleg og kanskje litt frekt.

I det tradisjonelle Kina skulle den yngre vise respekt overfor den eldre ved å unngå augnekontakt. Dersom den eldre stod, skulle den yngre rette blikket mot føtene. Dersom han sat, kunne den yngre sjå bort på knea til den sitjande.

Men ein kan også finne døme på det heilt motsette:

Det er vanleg at arabarane ser samtalepartnarane sine rett inn i augo. Mange arabarar meiner at augo er nøkkelen til persondommen, «augo er sjela sin spegel». Bruken av solbriller innandørs – ofte under forhandlingar – hindrar at den andre skal kunne avdekkje eins innarste sjel.

Også pupillstorleiken blir tillagd vekt. Det blir sagt at menn blir tiltrekte av store pupillar. Ettersom augo er den einaste delen av ansiktet kvinnene i enkelte muslimske land viser offentleg, har dette ikkje-verbale kommunikasjonsmidlet mykje å seie, og somme brukar kunstige middel for å utvide pupillane.

Enkelte norske jenter på ferie i middelhavslanda har opplevd at unge framande menn gjer tilnærmingar overfor dei utan at dei har oppført seg utfordrande. Det dei ikkje er klare over, er at vanleg norsk omgangsform, og spesielt direkte blikkontakt, kan bli tolka som ein invitt til «noko meir». Slike reaksjonar kan komme svært overraskande på jentene.

Dei fleste menn i desse landa viser kvinnene respekt ved å unngå å stire på kvinner offentleg. I Frankrike og Italia er slik stiring derimot akseptert.

  1. 1«Cultural background and communication in court». Nora Gotaas. Oslo Academic Press/Unipub forl.. 2006.

Læringsressursar

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter